Hopp til innhold

Han overtek jobben og løna til Trym Aafløy: – Passar min livssituasjon

Trym Aafløy blir erstatta av Tore Landmark som nestleiar etter at profilen melde seg ut av bompengepartiet i Bergen.

Tore Landmark

ERSTATTAR: Tore Landmark blir nestleiar i utval for miljø og byutvikling i bystyret i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

I ettermiddag møttest styret i FNB Bergen og gruppestyret i bystyret for å avgjere eks-profilen Trym Aafløys fulltidspolitiske skjebne.

Etter møtet vart det klart at Tore Landmark overtek vervet hans. Han er helt fersk som politikar, og blir no fulltidspolitikar for fyrste gong.

– Vi blei einige. Det passar med min livssituasjon. Eg har lyst på den stillinga for å gjere ein politisk jobb hundre prosent.

Ville behalde løna

Bompengeprofilen Trym Aafløy slapp bomba om at han og to andre melde seg ut av partiet heilt på slutten av bystyremøtet i desember, til stor overrasking for eige parti og resten av bystyret.

Aafløy meiner at det ikkje har vore konfliktar, men stadig auka byråkratisering og intern uro i bystyregruppa.

Trass i utmeldinga ønska Aafløy å halde fram som nestleiar, og dermed fulltidspolitikar, i utval for miljø og byutvikling. Det gir han ein løn på nesten 900.000 kroner i året.

Trym Aafløy i FNB kaller inn til pressekonferanse.

UTMELDING: Trym Aafløy, Rolf Erik Scott og Per Jørgensen heldt pressekonferanse om deira utmelding frå Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB). De vil nå utføre sine verv som uavhengige representantar.

Foto: Marit Hommedal

Erstattar Aafløy

FNB gjorde eit brakval i Bergen i 2019, og fekk totalt 11 representantar i bystyret. Trym Aafløy var den største profilen for partiet i valkampen.

Men vervet tilhøyrer partiet, ikkje Aafløy. No har partiet vedteke å byte han ut med telemontør Tore Landmark.

– Eg trur eg er meir audmjuk enn han. Eg ynskjer å jobbe på ein demokratisk måte og samarbeide med heile gruppa, seier Landmark.

Trym Aafløy ønskjer ikkje å kommentere valet.

– Interne saker i eit parti blir ikkje kommentert, skriv Aafløy i ein SMS til NRK.

«Umenneskeleg handling»

I ein e-post til forretningsutvalet veka før jul kalla Aafløy det ei «umenneskeleg handling» om han blir «kastet på gata utan verv midt i ein bystyreperiode – midt i ein koronapandemi som medfører et inntørket arbeidsmarknad, selv med etterlønn», ifølge BT.

Likevel innsåg han nederlaget då NRK snakka med han like før jul.

Ei rundspørjing NRK gjorde i partiet lokalt viste at han hadde støtte til å halde på vervet frå berre éin person.

– Eg tenker at toget er gått. Får eg bestemme, vil eg behalde vervet, men eg får nok ikkje bestemme, sa Aafløy.

Samstundes avviste han at han hadde forrekna seg.

– Eg såg at det kunne skje. Men partiet har vore ufatteleg raske til å gå etter alt eg har av verv. Blir det sånn, så blir det sånn, sa Aafløy.

Trym Aafløy i bilen før pressekonferansen

TOGET ER GÅTT: FNB-avhoppar Trym Aafløy ville behalde løna på 900.000 kroner. Før jul innsåg han likevel at toget var gått.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Klarar seg utan Aafløy

Styreleiar Cesilie Tveit er den andre fulltidssette politikaren i FNB Bergen. Etter at Aafløy trakk seg frå partiet har ho også vore konstituert gruppeleiar i bystyregruppa i Bergen.

No er ho vald til å vere gruppeleiar ut perioden.

– Det er ærefullt, og eg set veldig stor pris på det. Det er verkeleg ein oppgåve eg har hatt lyst på, seier Tveit.

Ho trur partiet skal klare seg fint utan bompengeprofilen.

– Som mangeårig leiar i offentleg og privat sektor har eg erfart, og er absolutt av den oppfatninga, at ingen av oss er uerstattelege.

– Vi har laga eit robust parti i Bergen og skal klare oss utan ein person. Så sårbare er vi ikkje. Vi har vårt politiske program som vi skal stelle oss til, seier ho.

Ho hevdar dei får tilbakemeldingar frå fleire parti om at dei er lette å samarbeide med, og at dei får førespurnader om å støtte andres forslag.

– Eg trur ikkje vi er mindre styrkja.

Cesilie Tveit

KLARAR SEG: Styreleiar Cesilie Tveit (t.v.) i FNB Bergen trur partiet skal klare seg fint utan bompengeprofilen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK
Året med Trym Aafløy og FNB

Året med Trym Aafløy og FNB