Hopp til innhold

Bompengeparti vil grilla fylkeskommunen om dobbeltrolla til Deloitte

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar er kritiske til at Ferde sitt eige revisorfirma skal granska bomselskapet. Dei meiner rapporten kan verta ubrukeleg.

Deloittes hovedkontor i Oslo Sentrum

DOBBELTROLLE: Revisorgiganten Deloitte skal no granska Ferde, sjølv om dei også var revisor for bomselskapet.

Foto: Borgen, Ørn E.

Finanstilsynet har tidlegare vore kritiske til at selskapet skal granskast av Deloitte, som også er revisor for Ferde.

No er Knut Inge Andersen i Folkeaksjonen Nei til Bompengar kritisk til at kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje valde eit anna selskap.

Andersen er redd dobbeltrolla vil gjera det nødvendig med ein ny rapport.

– I verste fall må ein byrja på nytt, dersom det dei finn i rapporten på noko vis kan verta farga av omsynet til eigen posisjon.

Tek saka til fylkesordføraren

I fylkesutvalet i Hordaland, på torsdag neste veke, kjem Andersen til å spørja fylkesordføraren om det er grunnlag for å be om ei ny vurdering av oppdraget.

FNB tok først opp spørsmålet i fylkesutvalet til Vestland denne veka, der dei er representert. Saka blei deretter sendt vidare til fylkesutvalet i Hordaland på anmodning frå fylkesordføraren.

– Me meiner det er viktig å få på plass ein rapport som kan stå hundre prosent på eigne bein, og som kan brukast utan atterhald.

Bakgrunnen for granskinga er at sjefen i Ferde har handla med selskapet BTS Norway, der han sjølv hadde eigarinteresser, og kjøpt tenester frå ein tilsett sitt firma. Den tilsette overdrog seinare kontrakten til kona si.

Deloitte var i 2018 revisor for både Ferde og BTS Norway.

Ville koma raskt i gong

Kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane tinga 3. september ein såkalla selskapskontroll av bomselskapet Ferde frå Deloitte.

Leiar i kontrollutvalet i Hordaland Fylkeskommune, Inge Reidar Kallevåg, seier til NRK at dei ikkje er redd for dobbelrolla. Han seier at dette heller ikkje er nytt for dei.

– Me bruker Deloitte i mange situasjonar, sjølv om dei er revisor for fylkeskommunen.

Han seier dei valde Deloitte for å få prosessen raskt i gong.

– Skulle me brukt eit anna selskap ville det teke fleire veker å få på plass.

– Om Deloitte si rolla gjer at de må tinga ein ny rapport tek det jo veldig mykje lengre tid. Er det ikkje betre å vera føre var?

– Me kan ikkje mistenka Deloitte for å villa dekka over ting. Me må stola på at dei er proffe.

Kallevåg fortel at fylkeskommunen har sendt ein formell førespurnad til Finanstilsynet, for å få konkrete svar på kva dei meiner er kritikkverdig.

NRK har vore i kontakt med styreleiar i Ferde, Paul Magne Nilsen. Han seier han ikkje ønskjer å kommentera saka.

Eit uavhengig organ

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), seier at kontrollutvalet er eit uavhengig organ, med fullmakt til å gjera eigne avgjerder.

– Når dei har bestemt noko, så legg ikkje me oss opp i det.

Styreleiaren i Ferde skal orientera under fylkesutvalet komande torsdag. No ynskjer Hestetun også å invitera Kallevåg og kontrollutvalet til å orientera.

Hestetun legg til at dei som eigarar ventar på den uavhengige, objektive vurderinga som advokatfirmaet Kluge skal utarbeida.