Hopp til innhold

Blummenfelts familie feira med fungerande byrådsleiar – fekk politiet på døra

Politiet møtte tre personar med ikledd norske drakter og flagg under feiringa av det fyrste sommar-OL-gullet til Bergen. Den fungerande byrådsleiaren meiner sigeren betyr enormt mykje for byen.

Lubna Jaffery feirar Kristian Blummenfelt sitt OL-gull

FERING: Fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery feirar at Kristian Blummenfelt tar OL-gull saman med familien til triatleten.

– Eg har felt nokre tårer, mest i dag tidleg. Det er fyrst no det går opp for meg, seier ein rørt Trond Blummenfelt.

Han er far til Kristian Blummenfelt. Det vart ikkje så mykje grining då han såg sonen ta OL-gull i eit telt i hagen på Landås i Bergen.

Der var han ikkje åleine då sjampanjen vart sprett natt til måndag. Også nærmaste nabo, BT-redaktør Frøy Gudbrandsen, var med. Det var også fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery.

Det var ikkje alle like nøgde med. Fem på halv to ringde ein nabo politiet.

– Mykje hyl og skrik

– Det blei meldt mykje hyl og skrik, både damer og menn. Meldaren meinte politiet ville høyra lyden når dei køyrde forbi, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Då politiet kom til staden og fekk snakka med dei som feira i teltet, lova dei å dempa seg og gå inn etter kvart som dei hadde fått summa seg.

– Det må vera lov. Når ein bergensar tek OL-gull er det innanfor å ropa og skrika litt midt på natta, seier Dahl-Michelsen.

Trond Blummenfelt

TELT: Trond Blummenfelt såg sonen ta OL-gull i eit telt i hagen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

Stor siger for Bergen

Trond er glad for at det gjekk bra med sonen i OL. Han har sett det gå gale før.

– Når eg ser på er bekymringa mi at han skal velta på sykkel, seier Trond Blummenfelt.

OL-gullet til Blummenfelt er det andre individuelle OL-gullet ein bergensar har teke, og det fyrste i eit sommar-OL.

– Me har tre personar frå Bergen på topp elleve. Det er ein rå prestasjon. Eg håpar at me blir sette på kartet no, seier far Trond.

Bergensarane har kanskje ikkje hatt så mykje å feira på sportsfronten i det siste, iallfall ikkje dersom ein reknar ut ifrå Brann sin prestasjon i det siste.

BT-redaktør og nærmaste nabo, Frøy Gudbrandsen, er sikker på at OL-gullet har mykje å seia for sjølvkjensla til bergensarane.

– Dette er kjempestort. Eg trur kanskje ikkje så mange hadde høyrt om Kristian Blummenfelt før i natt, seier Gudbrandsen.

Frøy Gulbrandsen og Trond Blummenfelt

NABOAR: Frøy Gudbrandsen var med på feiringa i teltet som Trond Blummenfelt hadde sett opp i hagen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Betyr enormt mykje for Bergen

Det er trur også fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery (Ap).

– Det betyr enormt mykje for Bergen, men det betyr sjølvsagt mest for Kristian, som eg veit har jobba for dette i mange, mange år, seier ho.

Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen (Ap), lovar at det blir feiring og flagging når triatletane kjem tilbake frå Tokyo.

– Ei bittelita feiring, i bergensk forstand, seier Jaffery.

– Det er ingenting som kan slå eit OL-gull, konstaterer Persen.

Marte Mjøs Persen og Lubna Jaffery

FEIRING: Ordførar Marte Mjøs Persen og fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery lovar feiring når Kristian Blummenfelt, Gustav Iden og Casper Stornes er tilbake i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK