Hopp til innhold

Blei slått ned i Bergen: – Ser frykteleg stygt ut

Mannen i 60-åra har sett prov på kva som skjedde då han blei slått ned like etter 01.30 natt til 18. mai.

Ein mann i 20-åra slår til ein mann i 60-åra på Strandgaten i Bergen natta etter 17. mai

SLAG: Her slår mannen i 20-åra til mannen i 60-åra på Strandgaten i Bergen natta etter 17. mai.

Foto: Skjermdump

Takka vere eit vitne som hadde høyrt bråk, og filma ned på gata, veit mannen i 60-åra kva som skjedde då han blei slått ned etter nasjonaldagsfeiringa.

– Det ser frykteleg stygt ut, seier mannen som er i 60-åra.

Videoen frå hendinga på Strandgaten i Bergen er mannen glad for at finst.

– Fordi eg hugsar ingenting. Den videoen gav meg nokon svar. Den viser tydeleg kva som har skjedd, seier mannen til NRK.

I videoen kan ein sjå ein mann som skal ha slått ned ein mann i 30-åra. Mannen i 60-åra går mot den som har slått.

– Eg prøver å seie til han at han må roe seg. Fordi det ligg jo ein mann på bakken.

Det var VG som snakka med mannen i 60-åra først.

En person slår tilsynelatende ned flere personer i Bergen.

Eit vitne filma ein person tilsynelatande slå ned fleire personar i Bergen sentrum.

Var ikkje redd

Slaget mannen fekk mot hovudet gjorde at han gjekk rett i bakken med hovudet som landa med eit dunk på fortaussteinen.

Mannen i 20-åra blei arrestert etter klokka fire natt til laurdag. Han blei sikta for eitt tilfelle av kroppsskade og to tilfelle av kroppskrenking.

Til NRK seier mannen i 60-åra at han ikkje var redd då han gjekk bort.

– Viss eg hadde vore redd, hadde eg ikkje handla som eg gjorde, seier han.

Han synest det er vanskeleg å svare på om han angrar på at han ville bryte inn, men meiner sjølv at han ikkje gjorde noko gale då det skjedde.

– Eg hadde kanskje vore personleg tent med å vere feig, men det går ikkje an å tenke på.

Ifølge vitnet som filma hendinga, skal mannen ha lege på bakken i rundt ti minutt før han kom seg på beina og blei køyrd vekk i ambulanse.

Les også Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

Veit ikkje kor store skadar det er

Mannen i 60-åra blei utskriven laurdag kveld med sting over og under det eine auget.

Bakhovudet er framleis ømt sundag kveld.

Sjølv seier mannen at det framleis er veldig tidleg å seie noko om korleis det eigentleg har gått etter hendinga.

– Eg er i live, men kva skader eg eigentleg har fått kan eg ikkje vite, seier han.

Han er glad for at det tilsynelatande har gått så bra som det har gått.

– Det er berre eit drygt døgn sidan det skjedde, og eg er klar over at konsekvensen av den julinga hovudet mitt har fått kan vise seg seinare, seier han.

Vil ikkje at sikta skal i varetekt

Sundag 19. mai var det fengslingsmøte der påtalemakta ønska fire veker varetekt for den sikta. Dette fordi dei meinte det var gjentakingsfare.

Advokat Erik Johan Mjelde

Advokat Erik Johan Mjelde etter fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På ettermiddagen opplyste forsvarar og advokat Erik Johan Mjelde til VG at påtalemakta ikkje fekk medhald i vidare varetektsfengsling. Han sa klienten trengte hjelp.

Aktor og politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl sa til NRK at påtalemakta ønsker å anke rettsavgjerda.

– Retten har godtatt at det blir gitt oppsettande verknad, som vil seie at mannen blir sittande fengsla fram til lagmannsretten har tatt stilling til anka, sa Morstøl.

Politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl

Politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl etter fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Den sikta blir altså ikkje lauslaten 19. mai.

Mannen i 60-åra synest det er greitt at retten ønsker å lauslate den sikta.

– Min umiddelbare reaksjon var at viss retten meiner det er rett, så er det mogleg at det er det beste.

– Han får ikkje noko god hjelp i varetekt.

Les også Påtalemakta vil anke at retten vil lauslate mann i 20-åra

Skjermdump fra video som viser vold i Bergen 17. mai.

Les også 17. mai: Fyll og slagsmål over heile landet

Politi i Trondheim natt til 18. mai