Hopp til innhold

Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

På ein video går ein mann rett i bakken, etter å ha fått ein knyttneve i ansiktet. No er ein mann i 20-åra sikta for vald.

Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

VALDSHENDING: Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

Foto: Skjermdump

– Han som fekk slaget i trynet var jo ikkje klar for det. Eg tenkte at no kan det gå veldig gale, seier eit vitne til NRK.

Det seier personen som fekk med seg det heile frå ei leilegheit ved sidan av. Han var i ferd med å avslutte nasjonaldagsfeiringa si, då han høyrde bråk utanfor.

Like etter klokka 01.30 natt til laurdag 18. mai såg han ein mann slå ned to andre i Strandgaten i Bergen sentrum. Den eine som blei slått ned er ein mann i 60-åra.

Eg såg ikkje kor gammal han var, men eg tenkte kanskje at eg var vitne til eit drap, seier vitnet.

NRK åtvarar om sterke bilete i videoen:

En person slår tilsynelatende ned flere personer i Bergen.

Eit vitne filma ein person tilsynelatande slå ned fleire personar i Bergen sentrum.

– Heilt idiotisk

Først slo sikta ned ein mann i 30-åra. Medan fornærma låg på bakken, var fem andre personar i nærleiken.

Den eine gjekk mot 20-åringen.

Då knytte 20-åringen venstrehanda og slo til mannen i hovudet.

Den fornærma, ein mann i 60-åra, landa på ryggen. Der blei han liggande.

Ifølge vitnet var mannen ikkje medviten i rundt ti minutt, før han kom seg på beina og blei frakta til sjukehus. Vitnet synest det var ekkelt å sjå mannen lande på fortauet.

– Det er synd at slikt kan skje, det er heilt idiotisk. Det er berre drit eigentleg. Eit slikt val kan øydeleggje liv, seier vitnet.

Det var Bergensavisen som først omtalte saka.

Politiet var tydeleg til stades i bybiletete i Bergen på nasjonaldagen og natt til 18. mai. Det var fleire slagsmål i byen.

Politiet var tydeleg til stades i bybilete i Bergen på nasjonaldagen og natt til 18. mai. Her etter avslutninga på Festplassen. Det var fleire slagsmål i byen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ser alvorleg på hendinga

Under feiringa av nasjonaldagen var det fleire slagsmål i Bergen sentrum. Det har vore fleire pågripingar.

Mannen i 20-åra blei arrestert litt over klokka 04.00.

Han er sikta for vald mot to personar og skal framstillast for varetekt sundag klokka 12.00.

– Han skal framstillast for varetektsfengsling, fordi me meiner det er gjentakingsfare, sa jourhavande jurist og politiadvokat Elise Kleiven i Vest politidistrikt til NRK laurdag ettermiddag.

– Me ser alvorleg på at dette er vald mot hovudet, seier Kleiven.

Det skal vere snakk om vald mot hovudet på begge dei fornærma.

Les også Fyll og slagsmål over heile landet

Politi i Trondheim natt til 18. mai

Truleg skadd

Mannen er sikta for kroppsskade og kroppskrenking, men Kleiven fortel at det er aktuelt å utvide siktinga.

Så langt har politiet utført nokre avhøyr, og har gått gjennom videodokumentasjon.

Politiadvokat Laila Karin Skeide vil ikkje seie noko om sikta sin tilstand.

Ho vil heller ikkje kommentere relasjonen mellom dei involverte.

På spørsmål om tilstanden til dei fornærma seier ho det er grunn til mistanke om at mannen i 60-åra har fått ein skade.

Haukeland sjukehus kommenterer ikkje tilstanden til mannen grunna teieplikt.

– Er forferdeleg lei seg

Advokat Erik Johan Mjelde seier den sikta ikkje har blitt presentert for siktinga, og at sikta skal i avhøyr laurdag kveld.

Erik Johan Mjelde, advokat

Advokat Erik Johan Mjelde er oppnemnt som advokat for den sikta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Han erkjenner fullt ut straffskuld, og er forferdeleg lei seg for det som har skjedd, seier Mjelde.

– Det er ei bakgrunnshistorie her, som ikkje har nokon samanheng med dei som dessverre har blitt råka av dette

Sikta er, ifølge politiadvokat Skeide, kjent for politiet frå før.

Har sikta straffbare forhold på seg frå tidlegare?

– Ja, men det er såpass lenge sidan at det ikkje er relevant for denne saka, seier Mjelde.