Hopp til innhold

Påtalemakta vil anke at retten vil lauslate mann i 20-åra

Retten vil lauslate mannen i 20-åra som blei sikta for å ha utøvd vald natt til 18. mai. Den sikta har erkjent straffskuld.

Skjermdump fra video som viser vold i Bergen 17. mai.

SLÅTT NED: Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

Foto: Skjermdump

Sundag ettermiddag opplyser forsvarar og advokat Erik Johan Mjelde til VG at påtalemakta ikkje fekk medhald i vidare varetektsfengsling.

– Retten har under tvil kome fram til at villkåra for varetektsfengsling på bakgrunn av gjentakingsfare ikkje er til stades. Retten viser til at han er under psykiatrisk behandling og oppfølging, seier Mjelde til VG.

Mannen i 20-åra er sikta for eitt tilfelle av kroppsskade og to tilfelle av kroppskrenking mot to menn og ei kvinne natt til 18. mai.

Aktor og politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl seier til NRK at påtalemakta ønsker å anke rettsavgjerda.

– Retten har godtatt at det blir gitt oppsettande verknad, som vil seie at mannen blir sittande fengsla fram til lagmannsretten har tatt stilling til anka, seier Morstøl.

Den sikta blir altså ikkje lauslaten 19. mai.

– Lauslating vil ikkje hjelpe min klient. Han treng oppfølging og hjelp. Det viktige er at han får hjelp frå helsevesenet, seier Mjelde til VG.

Bad om fire veker varetekt

Aktor Morstøl bad om fire veker varetektsfengsling for den sikta i fengslingsmøte i Hordaland tingrett sundag.

– Politiet har fått innhenta video av hendinga som viser grov, uprovosert vald, sa ho til NRK.

Politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl i fengslingsmøte 19. mai 2024, i Hordaland tingrett.

Politiadvokat Elisabeth Siqveland Morstøl i fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Påtalemakta meinte det låg føre seg gjentakingsfare.

– Dette på bakgrunn av sikta sin historikk og situasjonen no, i tillegg til sjølve valdshendinga og det potensialet, seier Morstøl.

Sikta skulle bli kjent med rettsavgjerda i løpet av sundag 19. mai.

Les også Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

– Viser grov vald

Natt til 18. mai fekk eit vitne med seg valdshendinga i Strandgaten i Bergen, og filma episoden.

– Eg tenkte kanskje at eg var vitne til eit drap, sa vitnet til NRK laurdag.

NRK åtvarar om sterke bilete i videoen:

En person slår tilsynelatende ned flere personer i Bergen.

Ein person slår tilsynelatande ned fleire personar i Bergen.

Etter klokka 01.30 slo mannen i 20-åra først ned ein mann i 30-åra. Deretter slo han ned ein mann i 60-åra.

Mannen i 60-åra blei ifølge vitnet liggande på bakken medvitslaus i ti minutt, før han kom seg opp og blei frakta til sjukehus.

Det som går fram av videoen, er ei alvorleg valdshending der ein meiner at utfallet for fornærma kunne vore meir alvorleg. Det viser grov vald, så vi ser alvorleg på saka, sa Morstøl etter fengslingsmøte.

Den fornærma mannen i 60-åra blei utskriven frå Haukeland sjukehus laurdag kveld, og politiet har gjort eit telefonavhøyr med vedkomande.

Fengslingsmøte i Hordaland tingrett 19. mai 2024.

Saka skal vere tilnærma ferdig etterforska. Det står att å hente dokumentasjon på skadane til dei fornærma. Det skal også vurderast om det er aktuelt med fleire vitneavhøyr.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Forferdeleg lei seg

Forsvarar og advokat Erik Johan Mjelde opplyste sundag ettermiddag til NRk at klienten erkjenner siktinga fullt ut.

– Han er frykteleg lei seg for det som har hendt, sa Mjelde.

Mannen har sagt han har gjort det som har skjedd, og han har sett videoen.

Forsvararen sa etter fengslingsmøte at den sikta stod «i ei stor personleg krise», og at han opplevde det han har gjort som uforståeleg.

Advokat Erik Johan Mjelde er i fengslingsmøte 19. mai 2024.

Advokat Erik Johan Mjelde i fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Han erkjenner fullt ut det han har gjort. Han vil stå og ta ansvar for det. Betale erstatning til fornærma viss det blir kravd, sa Mjelde.

Hendinga meiner Mjelde var ei situasjonsbestemt handling som ikkje er knytt til eit handlingsmønster eller til ei gjentakingsfare.

Forsvararen sa den sikta mannen ønska hjelp. Dette meinte Mjelde var noko han ikkje ville få i fengsel, og bad om at retten vurderte kvar sikta får best mogleg hjelp.

– Og vurderer om overføring til psykisk helsevern kan vere ei moglegheit. Eventuelt at varetektsperioden settast ned til 14 dagar i staden for fire veker, sa Mjelde.

Fengslingsmøte i Hordaland tingrett i Bergen 19. mai 2024.

Mannen blei arrestert etter klokka fire natt til 18. mai, og lét seg avhøyre på telefon laurdag kveld.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tidlegare domfelt for vald

Ifølge politiadvokat Linn Mari Søfteland er det ingen relasjon mellom den sikta og den fornærma mannen i 60-åra.

Politiadvokat Linn Mari Søfteland

Politiadvokat Linn Mari Søfteland.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Det er ein relasjon mellom den sikta og dei to andre fornærma i saka, men Søfteland har ikkje villa utdjupe kva relasjon det er snakk om.

Det er ikkje utnemnt bistandsadvokat for dei fornærma. Søfteland seier at det blir mannen i 60-åra som eventuelt får dette.

Den sikta er tidlegare domfelt for valdshendingar.

– Då dreidde det seg om to kroppsskadar og ei kroppskrenking, som han blei dømd for i januar 2020, opplyser Linn Mari Søfteland, jourhavande politiadvokat.

Sundag ettermiddag melder media at retten vil lauslate den sikta.

Les også Rus og bråk på nasjonaldagen

Politi i Trondheim natt til 18. mai