Hopp til innhold

Berre tre kommunar vil ha fødestove

Kommunane i Indre Sogn er skeptiske til å bidra til ei fødestove i Lærdal.

Lærdal sjukehus

MISTA FORSTERKA FØDESTOVE: Lærdal sjukehus mistar gynekologen ved fødestova si.

Foto: unknown / NRK

Bergens Tidende har teke ei ringerunde til kommunane, og skriv at berre tre av åtte komminar er villige til å bidra.

Fredag vedtok regjeringa å avvikle den forsterka fødestova i Lærdal og fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen opnar for jordmorstyrte fødestover. Men i Lærdal står står heile fødetilbodet dersom dei ikkje klarar å rekruttere jordmødre lokalt frå kommunane i området.

Vel allereie andre sjukehus

Ordførar i Aurland, Olav Ellingsen, seier til avisa at deira fødande kvinner reiser til Voss.

– Slik eg ser det no, er det ikkje aktuelt å bidra til at det skal vere fødestove i Lærdal, seier han.

Også i fleire av dei andre kommunane er svaret det same, at deira kvinner allereie i dag vel andre sjukehus enn Lærdal.

– Betre enn ingenting

Dei tre kommunane som var postivie var Leikanger, Årdal, Lærdal.

– Vi vil i høgste grad bidra. Dette er betre enn ikkje noko fødetillbod, seier Lærdalsordførar Arne Sanden.