Regjeringa godkjenner altså nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid.
Dei fødandene i Nordfjord blir frå hausten 2012 overførte til Volda sjukehus, men regjeringa ønskjer at ein skal opprette ei jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid.
– Ei god løysing
Sjukehusa i Odda, Lærdal og Lofoten mister den forsterka fødestova. Det vil sei at regjeringa fjernar gynekologstillingar ved desse sjukehusa, og gjer dei om til jordmorstyre fødestover.
Lærdal står i fare for å miste heile fødetilbodet dersom dei ikkje klarar å rekruttere jordmødre lokalt.
Den største endringa kjem likevelpå Nordfjordeid der fødeavdelinga forsvinn. Her blir det i staden oppretta ei jordmorstyrt fødestove.
– Eg meiner at vi har kome fram til ei svært god løysing, som også ivaretek framtidige behov for befolkinga, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til NRK.
Faglege hensyn veg tyngre enn lokale hensyn, fastslår ministeren.
– Dette byggjer på faglege tilrådingar, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
LEGG NED: Den største endringa kjem på Nordfjordeid, der fødeavdelinga forsvinn.
Foto: Vegar Erstad / NRK– Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slått saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, seier helseministeren.
Løysinga på sjukehusstriden skulle ha vore klar ved nyttår, men tøffe forhandlingar mellom regjeringspartia har ført til at konklusjonen har latt vente på seg.
Kampen om Nordfjordeid har vore sjølve kjerna i striden. Reduksjonen i fødetilboda vil føre til at færre gravide kan føde lokalt, og at ein må reise lengre for å gjere eksempelvis eit naudkeisarsnitt.
Får behalde akuttfunksjonane
I regjeringa sitt sjukehusforlik vil ein gjere Eid til utstillingsvindauge for sjukehusomstillinga.
Sjukehuset mister ortopedien, men regjeringa løyver totalt 25 millionar kroner over tre år for å omstille sjukehuset.
Mellom anna skal den omstidde, nybygde rusposten som i eit par år har stått ubrukt, takast i bruk. Og det skal satsast meir på kronikarar som brukar sjukehustenestene hyppig.
Både i Eid og i Lærdal vil indremedisinske akuttfunksjonar bli vidareført, med blant anna døgnberedskap på laboratorietenester og røntgen.
I Lærdal for ein også behalde ortopeditilbodet.