– Eg fekk vite om dette på radio, akkurat som alle dei andre tilsette på fødeavdelinga, seier overjordmor Linda Grotle ved Nordfjord sjukehus.
Grotle er ikkje ein gong på jobb, men på hytta. Ho er svært frustrert over at ho ikkje vart varsla slik at ho kunne informere og støtte dei tilsette.
– Eg er faktisk heilt sjokkert. Hadde eg visst om dette hadde eg sjølvsagt vore på Eid i dag, men no er eg i staden på hytta. Eg er ekstremt lei meg rett og slett, seier Grotle til NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kuttar i fødetilbodet
– Eg kan ikkje gjere noko som helst for mine tilsette utan å ta ein telefon om korleis dei har det, seier Grotle.
I går bestemte regjeringa seg for å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, og erstatte den med ei jordmorstyrt fødestove.
Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slått saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, ifølgje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).
Det blir også kutta ved den forsterka fødestova i Lærdal. Her blir gynekologstillingane fjerna. Lærdal står i fare for å miste heile fødetilbodet dersom dei ikkje klarar å rekruttere jordmødre lokalt.
– Vi har ikkje blitt varsla
Avdelingsleiar på Lærdal sjukehus, Marianne Øren, fekk nyheita midt i fleisen då ho opna avisa i dag tidleg.
– Vi har ikkje blitt varsla i det heile teke. Vi hadde avdelingsmøte i går, og det kom ingenting fram der. Eg fekk vite det via framsida til Bergens Tidende i dag tidleg, seier Øren til NRK.
NETT-TV: Helseministeren om vedtaket
NETT-TV: Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen om vedtaket.