Hopp til innhold

Berre 4 av 10 kjenner til promillegrensa for båt

Mindre enn halvparten av befolkninga veit når grensa for alkoholinntak er nådd. – Berre symbolpolitikk uansett, seier Tor André Johnsen i Frp.

Båt og alkohol

FARLEG KOMBINASJON: Mindre enn halvparten av nordmenn veit kor mange av desse ein båtførar kan ha innanbords før det skal seie stopp.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

– Dette er ikkje nok leiketøy. Men brukar ein hovudet litt, så går det som regel bra, seier Svein Otto Hovden frå Florø.

Han er ein av mange nordmenn som gler seg til det som kan verte tidenes båtsommar, som for mange gjer assosiasjonar til sol, sjømat og diskré dagar – men også øl og vin.

No syner ei undersøking frå Kantar at berre fire av ti nordmenn veit kor promillegrensa for båtkøyrarar går.

Båtførar Florø

ALVOR: Svein Otto Hovden har vore til sjøs frå barnsbein av, han trur ikkje båtsommaren byr på mange utfordringar. – Problemet er dei som ikkje er vande. Dei hiv seg av garde og så går det gale, seier han.

Foto: Raymond / NRK

– Dårlegare dømmekraft

​​​​​Undersøkinga er utført på vegner av MA – Rusfri Trafikk, og bekymrar generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

– «Alle» veit jo at det er påbode med redningsvest, men folk er tydelegvis ikkje like bevisste på farane ved å kombinere alkohol og båtkøyring, seier ho.

For mange startar båtsesongen allereie denne helga. Kristoffersen ber båtførarane tenkje over alkoholinntaket.

– Reaksjonen og dømmekraft er ikkje så god som når man er edru, det seier seg sjølv. Me oppfordrar båtførarane til å ta det med ro, og helst halde seg unna alkoholen, seier ho.

Håper dei trur grensa er lågare

Åsunn Lyngedal i Arbeidarpartiet seier ho er forbausa over kor få som kjenner til promillegrensa.

– Det overraskar meg. Så får me håpe dei trur grensa er lågare, slik at dei ikkje bommar på den.

Åsunn Lyngedal, Ap

OVERRASKA: Åsunn Lyngedal er overraska over kor få som kjenner til promillegrensa for båtkøyring. Ho meiner uansett grensa på 0,8 er for høg.

Foto: Oliver Rønning / NRK

I starten av mai la SV og Ap fram eit stortingsforslag om å senke promillegrensa i båt frå 0,8 til 0,2.

Forslaget vart nedstemt, etter motstand frå mellom anna Frp.

– Med ein promille på 0,8 kan ein vaksen mann drikke tre halvliterar. Korleis fungerer han då? Så får det vere opp til Frp, om dei tykkjer det er fint, seier Lyngedal.

– Berre symbolpolitikk

Stortingsrepresentant for Frp, Tor André Johnsen meiner undersøkinga til MA – Rusfri Trafikk illustrerer at lovene på sjøen har lite å seie.

– Det viser jo berre det me prøver å understreke. At det ikkje nyttar å innføre masse lover og krav dersom loven ikkje vert handheva, seier han.

Han synest det er «veldig bra at båtfolket kan kose seg med god kvitvin, reker og blåskjel til sjøs», og meiner promillegrensa på 0,8 er passande.

– Det er måtehald som gjeld, og då vert den diskusjonen rundt promillegrensa berre symbolpolitikk, seier han.