Hopp til innhold

Bergensbanen like ofte stengd på éin vinter som dei siste ti åra til saman

To ras og ei avsporing stengde Bergensbanen i fire døgn denne vinteren. Dei neste 20 åra skal det byggast nye overbygg for 75 millionar kroner – i året.

Snøskred bergensbanene

EVAKUERT: 115 passasjerar måtte overnatte i ein tunnel på Bergensbanen natt til 24. februar. Toget måtte gravast ut etter å ha køyrd inn i eit snøras, som tok med seg fleire bygningar.

Foto: Per Magne Eikeland / Røde Kors

– Årsaka til at jobben skal gjerast over så mange år, er at ein kun kan jobbe frå mai til oktober/november grunna snøen i høgfjellet, seier kommunikasjonsleiar i Bane Nor, område sør-vest, Ingunn Halvorsen.

– Verste vinter på mange år

17. februar knuste eit snøskred eit rasoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid på Bergensbanen.

Raset tok med seg køyreleidninga og sette ein effektiv stoppar for ein av Europas høgastliggjande hovudlinjer.

Berre seks dagar seinare skjedde det igjen. Nattoget frå Oslo til Bergen køyrde inn i eit ras ved Upsete.

– Denne vinteren har vore ein av dei verste på mange år, seier underdirektør Tony Dæmring i Bane Nor.

BANE OG VEG: Bergensbanen går i høgfjell i om lag hundre kilometer mellom Mjølfjell og Geilo. Riksveg 7 går lenger sør på det som er blant dei mest vêrharde fjellpartia i Nord-Europa.

– Mest krevjande strekning i Europa

I mars spora eit godstog av mellom Finse og Haugastøl. Deretter sette eit arbeidstog seg fast i den tunge snøen.

Den tredje hendinga i vinter førte talet på stengde døgn på Bergensbanen opp i fire.

Det er like mange døgn som høgfjellsstrekninga var stengd mellom 2010 og 2020.

– Bergensbanen er ein av Europas mest krevjande strekningar å halda open. Banen kryssar Hardangervidda 1200 meter over havet. Klimatisk er toglinja i ei særstilling, meiner områdedirektøren.

Arbeidstog fast sør for havarist på Bergensbanen

STÅR FAST: Eit arbeidstog sette seg i vinter fast i det toget skulle ta seg fram til eit godstog som stod fast mellom Myrdal og Finse.

Foto: Bane NOR

Rekordmykje snø

Enorme snømengder i høgfjellet kombinert med kraftig vind har gitt ein av dei tøffaste vintrane på fjellet denne vinteren.

Også på vegen har ein fått merka vinterens herjingar.

I Nord-Norge er det allereie registrert rekordmange stengingar på fleire av fjellovergangane.

På fjellet i sør ligg det også an til rekordmange stengingar.

Blant dei mest utsette vegstrekningane er riksveg 7 over Hardangervidda.

Allereie i februar var vegen stengd dobbelt så ofte som heile fjorårssesongen.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland

VEGDIREKTØR Ingrid Dahl Hovland er vegdirektør i Vegdirektoratet.

Foto: Statens vegvesen/Knut Opeide

– Det er mange dagar med stengd veg

No lovar vegdirektør Ingrid Dahl Hovland å evaluera sesongen grundig.

– Oppetid på vegen er viktig, spesielt for næringstrafikk, så me vil evaluera om det har blitt jobba tilstrekkeleg på vegane våre, seier Hovland til NRK.

Tidlegare i vinter har kritiske røyster bak både riksveg 7 og E 134 kritisert Statens vegvesen for hyppige stengingar og for lite ressursar på fjellet.

Evalueringa vil gi eit betre grunnlag for å kunna seia om dette er ekstraordinært på grunn av vêret i vinter, eller om Vegvesenet burde ha sett inn andre tiltak i tillegg for å sikra meir fri ferdsel på fjellovergangane, ifølge vegdirektøren.

– Sånn umiddelbart når ein ser tala så er det jo mange dagar med stengd veg, erkjenner Hovland.

Snø ligger over sporet på Bergensbanen

NYE OVERBYGG: Slike overbygg i tre skal på sikt erstattast på høgfjellspartiet på Bergensbanen. Dei neste 20 åra skal Bane Nor bruka 80 millionar kroner på utskiftinga.

Foto: Spordrift/Bane Nor

Skal bruka 1,5 milliardar på nye overbygg

Om lag halvparten av alt gods mellom Oslo og Bergen blir sendt med Bergensbanen, ifølge Bane Nor.

Det er difor vitalt at jernbanen ikkje stansar opp i lengre periodar.

Dei nesten tjue åra skal Bane Nor bruka 75 millionar i året på å fornya snøoverbygga på Bergensbanen: Altså halvannan milliard kroner.

Dagens i tre skal erstattast med stål. Målet er å redusera stenginga ytterlegare.

– Det er viktig at godstransporten kjem fram slik at ein får halda hjula i gang. Ved langvarige brot i forsyningslinjene kan fort gå store konsekvensar for industri og handel, seier Kjell Wærner Johansen, assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt.

72 timar stengd på bane – 356 på veg

Men alt i februar var riksvegen stengd tolv gongar så ofte som Bergensbanen.

Bergensbanen hadde i slutten av februar vore stengd på høgfjellet i 72 timar.

På riksvegen var fasiten 356. Reknar ein med kolonnekøyring i tillegg var talet 868 timar med restriksjonar.

Vegdirektør Hovland vedgår at talet på stengingar på riksveg 7 er høgt samanlikna med den opningsgraden jernbanen klarar.

– Det er ein ganske stor skilnad når ein umiddelbart ser talet. Men så er det ein skilnad på ein veg med fri ferdsel og jernbane. Vegtrafikken er litt meir tilfeldig enn regulariteten på eit banekøyretøy. Dette er uansett noko som skal evaluerast, seier ho.