Når nesten heile vintersesongen er summert opp, har fjellovergangane i Sør-Noreg vore stengde eller kolonnekøyrde i over 2700 timar – eller i 113 døgn til saman – viser ei oversikt utarbeidd av Statens vegvesen.
Store snømengder og sterk vind har skapt vanskelege forhold på fjellet i vinter.
Andre påskedag stengde Hardangervidda for all trafikk. Meterhøge veggar av tettpakka «is» og kraftig snøføyk gjer det vanskeleg å rydda. I snart ei veke i strekk har hovudforbindelsen vore stengd.
Sjølv når deler av mars og april ikkje er rekna med i statistikken, har både Haukelifjell og Hardangervidda vore oftare stengd eller kolonnekøyrd enn i heile fjorårssesongen til saman.
– Det har vore ein krevjande vinter, med langt fleire stengingar enn fjoråret, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen vest.
Sjå kor ofte fjellovergangane har vore stengde lenger nede i saka.
Verst på Hardangervidda
Den mest utsette fjellovergangen er riksveg 7 over Hardangervidda.
- Fram til 24. februar hadde vegen sidan september vore stengd eller kolonnekøyrd i 868 timar. 365 av desse var vegen heilt stengd.
- Til samanlikning var det restriksjonar i totalt 536 timar gjennom heile vintersesongen i fjor. Av desse var vegen stengd i overkant av 150 timar.
- Allereie i februar var dermed vegen stengd dobbelt så ofte som i fjorårssesongen.
Ein må fleire sesongar tilbake for å finna liknande tal. Når stengingane i mars og påsken går inn i statistikken til vegtrafikksentralen, kan talet på stengingar over Hardangervidda verta rekordhøgt.
– Det er ei stor skam. Vegen har vore alt for mykje stengd, seier Bjørn Lægreid i Eidfjord bilberging.
- Les også:
FORBANNA: Bilbergar Bjørn Lægreid i Eidfjord.
Foto: Tale Hauso / NRKKritiserer utstyret
Bilbergingssjåføren, som er kjend frå Discovery-programmet «Vinterveiens helter», livnærer seg av bergingsoppdrag i Måbødalen og på Hardangervidda.
Trass ein snørik vinter og mykje uvêr, meiner Lægreid at dårleg utstyr og snørydding bidreg til å gjera ting verre.
– Problemet er at dei høge brøytekantane ikkje blir tekne ned. Snøføyken samlar seg i dei smale traktene som står att, og sikten vert vekke. Hadde ein redusert kantane, kunne mykje vore gjort, meiner Lægreid, som peikar på sviktande ressursbruk frå Statens vegvesen si side.
HØGT OG HARDT: Malvin Solberg køyrde over Hardangervidda skjærtorsdag. Andre påskedag blei vegen stengd. Sidan då har mannskapet jobba på spreng for å opna. – Eg har køyrd mine gongar over Hardangervidda. Det som har vore der oppe i år, har eg aldri sett før.
Foto: Malvin SolbergI tillegg driv Lægred bilverkstad i Eidfjord, der han òg sel drivstoff. Nedgangen i drivstoffsalet har vore markant.
– Eg skal overleva, det er ikkje problemet. Men når ein vil ha trafikken over denne overgangen, så er det bittert at dei vel andre vegar fordi ein ikkje maktar halda ope.
– Heilt uhaldbart
Også over Haukelifjell lenger sør er det markant verre enn i fjor.
- 731 timar med restriksjonar denne sesongen mot 356 førre vintersesong er meir enn ei dobling. Statistikken er sist oppdatert 20. mars, så talet vil truleg framleis auka.
– Me var misnøgde med opningstida allereie i fjor. At talet timar med stenging og kolonne er meir enn dobla, er uhaldbart, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap).
Han er òg styreleiar i interesseselskapa E134 Haukelivegen AS og Hordalandsdiagonalen AS, som begge kjempar for vegutbetring og realisering av tunnelar under fjellmassivet. Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan, men ikkje i noverande periode.
– At Noreg har ein stamveg for næringslivet, ein europaveg, mellom aust og vest, som er så råka av vêr og føre vinterstid, er rett og slett ikkje godt nok.
ORDFØRAR: Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i Ullensvang kommune.
Foto: Tale Hauso / NRK– Spørst om utstyret står i stil til snømengda
På Hardangervidda jobbar Leiv Vambheim og Hardangertunnelane for sine tunnelprosjekt. Dei ønskjer ein lang tunnel under vidda, som vil gi vintersikker veg og verna den store villreinstamma.
Regjeringa har bestemt at riksveg 7 skal vera ei hovudsambinding for persontrafikken. Vambheim ser lite til verdien av det.
– Vårt spørsmål er om innsatsen og utstyret står i stil til dei forholda og den snømengda som er på Hardangervidda. At vegen no er stengd i ei veke, er rett og slett ikkje godt nok. Når styresmaktene vurderer framtidige vegprosjekt ut frå kor stor årstrafikken er, er det klart at ein slik vinter rammar oss, seier Vambheim.
- Les også:
- For sesongane før 14/15 manglar statistikk for Haukelifjell.
- Tala for 19/20-sesongen er oppdaterte 24. februar. For Haukelifjell sin del er tala oppdaterte 20. mars.
DIREKTØR: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen vest.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKSkal evaluera vintersesongen
– Hardangervidda med sine fire mil høgfjell er spesielt utfordrande. Det har vore betydeleg meir stenging i år enn det var i fjor, sikkert meir enn ei dobling, vedgår Finden.
Vegvesenet skal evaluera vintersesongen når han er over. På kritikken frå Lægreid og Vambheim tek Finden entreprenørane i forsvar.
– Du kan betra vegen på visse punkt viss du tek ned høgda på snøen. Så må ein også vurdera kor mykje ressursar ein har og kan bruka på å ta vekk endå meir snø. Ja, ein kan sikkert ha inn meir ressursar. Men når det er tungt vêr så er det nesten ikkje vits, for det er likevel tryggleiken til trafikanten me må ta vare på.
- Les: