Det har vore ein historisk mild vinter fleire stader i landet. Men det er også ein vinter som har gitt svært mykje snø.
Kartet under viser at det er langt meir snø over store delar av Noreg i år, samanlikna med same tidspunkt i 2019.
Det mørkeblå partiet viser snødybder på mellom to og fire meter. For eit år sidan var kartet langt lysare.
– Vinteren totalt sett er nok blant dei fem mest snørike dei siste 50 åra, seier snøforskar Tuomo Saloranta i NVE.
HER ER DET EI HYTTE: Denne hytta på Voss er det ikkje like greitt å finne vegen inn i.
Foto: PrivatVenta enno meir i helga
I Hordaland er det til dømes normalt med ei snødjupne på rundt to meter ved høgder på 1000 meter. No er snittet rundt tre meter – 50 prosent over normalen.
Og meir snø skal det bli. Meteorologisk institutt ber folk i Sør-Noreg finn fram snøskuffa, for i helga skal det kome mykje fleire stader:
NVE seier dei ser eit tydeleg skilje mellom fjellpartia og låglandet. Gjennom store delar av vinteren har det altså vore mildt og vått.
– Under ei viss høgde så er det ikkje så mykje snø fordi nedbøren har kome som regn. Men over 500 meter så får ein plutseleg meir snø enn det brukar å vere i slutten av februar, seier Saloranta.
Dei store snømengdene får konsekvensar.
På berre ei veke har tre store skred gått over Bergensbanen og Flåmsbana. Eit av skreda førte til store materielle skadar på Upsete fjellstove, som frå mars av opnar for å ta i mot overnattingsgjester.
SNØ I HYTTA: Upsete fjellstova vart råka av eit snøskred førre helg. Fleire tonn snø ligg att i hytta.
Foto: Ingrid SandnesBrukar fleire dagar på å opne veg
Mykje snø gir travle dagar for brøytemannskap på fjellovergangane våre. På riksveg 13 over Vikafjellet har det vore stengd i fleire dagar allereie.
Mannskapa håpar no å få opna fjellovergangen mellom Vik og Voss på laurdag.
– Vi byrja i 06-tida i dag tidleg. Så jobbar vi til klokka 18 i kveld. Det blir lange dagar, seier brøytesjåfør Nils Georg Settevik.
ENORME SNØMENGDER: Brøytemannskapet på riksveg 13 over Vikafjellet må bruke over ei veke på å brøyte seg gjennom.
Foto: Ragnhild Myklemyr / NRKForventar fleire rekordar
Snødjupna på ein av målestasjonane over Vikafjellet var tysdag og onsdag rundt 3,4 meter.
Meteorologisk institutt har registrert tre snørekordar onsdag. Fokstugu i Dovre (119 cm), Sopnesbukt i Alta (168 cm) og Karasjok-Markannjarga (82 cm).
Det er langt meir snø andre stadar, som på Vikafjellet, men her er det ikkje rekord. Det meste som er målt her er fire meter i april 2015, etter at målingane starta opp i 2014.
Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland trur ein vil sjå fleire snørike vintrar i åra som kjem.
– Det kan vi gjere, for vi forventar at det blir fleire milde vintrar framover. Vi bereknar også at det blir meir nedbør dei neste åra, sjølv om det vil variere frå år til år. Dersom det då er kaldt nok vil det føre til rekordstore nedbørsmengder i fjellet, seier Skåland.
MEIR SNØ I FJELLET: Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland trur det kan bli meir snørikt i fjella i åra som kjem.
Foto: Mai-Linn Finstad / MET