Hopp til innhold

Bergen kommune får ikkje stansa elsparkesyklane – må ut med 200.000 kroner

Bergen kommune må betala selskapet Ryde 200.000 kroner. – No må regjeringa setta opp tempoet og gi nasjonale føringar, seier byutviklingsbyråden i Bergen.

Dagleg leiar Johan Olofsson i Ryde Technology.

RYDE-SJEF: Johan Olofsson er dagleg leiar i Ryde Technology AS.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Tysdag denne veka møtte Bergen kommune selskapet Ryde Technology AS i Bergen tingrett.

Bakgrunnen er at Ryde tidlegare i sommar sette ut 500 elsparkesyklar i Bergen sentrum, utan avtale med kommunen.

– Eg syns det er uprofesjonelt, ugreitt og useriøst å gå fram på denne måten, sa byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke til NRK i juni.

Thor Haakon Bakke saman med ein elektrisk sparkesykkel.

IRRITERT: Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) er mildt sagt lite imponert over Ryde sin innsteg på marknaden i Bergen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Vil ha regjeringa på bana

Bergen kommune meiner det krev løyve frå kommunen dersom private skal driva kommersiell utleige på offentleg gategrunn.

I retten bad kommunen om at firmaet stansa all utleige over natta inntil spørsmålet var avklara.

I ei fersk avgjerd frå Bergen tingrett går det fram at retten ikkje tek kravet til Bergen kommune til følge.

Bergens Tidende omtalte avgjerda først.

I avgjerda skriv retten at «tvistelovens vilkår for å ta en begjæring om midlertidig forføyning til følge ikke er oppfylt. Begjæringen fremsatt av Bergen kommune tas på denne bakgrunn ikke til følge».

Retten gir dermed Ryde fullt medhald og Bergen kommune er dømt til å betala Ryde 198.900 kroner i sakskostnader.

– No må regjeringa setta opp tempoet og gi nasjonale føringar som gjer det klinkande klart at det er norske byar som sjølve skal bestemma over eigne gater, seier byutviklingsbyråd Bakke til NRK.

RYde i retten

KOMMUNEN: Jurist i bymiljøetaten Veronica Nilssen, avdelingsleiar i bymiljøetaten Tord Honne Holgernes og kommuneadvokat Karl Fartein Løseth i retten tysdag.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Samanliknar med segwayutleige og Foodora

Retten tek likevel ikkje stilling til hovudspørsmålet, nemleg om Ryde har høve til å driva utleige utan avtale med kommunen.

Kommunen argumenterer med at dei i kraft av eigedomsretten har høve til å nekta Ryde utleige, eventuelt å samtykka til det på visse vilkår.

Retten viser til at Bergen kommune har inngått kontrakt med Clear Channel om bysykkel-ordninga.

Men det er ikkje inngått noko tilsvarande avtale eller godkjenning om bruk av kommunen sitt areal når det gjeld utleigefirmaet Bergen Segway eller matleverandøren Foodora.

«Retten finner likevel grunn til å påpeke at både Bergen Segway og Foodora bruk av kommunens arealer synes å være av mindre omfattende karakter».

Retten vurderer Ryde si verksemd som såpass inngripande i Bergen at kommunen «i kraft av sin eiendomsrett må være i posisjon til å beskytte seg» mot denne.

Det vurderer byutviklingsbyråden som ein siger.

– Retten har kome til at kommunen har rådigheit til å bestemma bruken av byromma og gatene våre, inkludert utleige av elsparkesyklar frå offentleg grunn.

– Med andre ord er retten samd i vårt synspunkt i saka, men er ikkje samde i at kommunen har eit umiddelbart behov for at Ryde sin aktivitetet stansar opp.

 Espen Rønneberg (29) og Johan Olofsson (29), Ryde

GRÜNDARAR: Espen Rønneberg (29) og Johan Olofsson (29) er gründarane bak Ryde. Her i retten tirsdag.

Foto: Julianne Flølo

Fleire byar har gått til søksmål

I retten tysdag argumenterte Ryde med at elsparkesyklane i lovverket er sidestilt med vanlege syklar.

Bergen kommune driv utleige av bysyklar i kommunal regi.

Dagleg leiar Johan Olofsson har tidlegare sagt til NRK at «selskapet har følt at kommunen ikke har ønsket konkurranse for sine egne bysykler».

Konflikten mellom Ryde og Bergen kommune føyer seg inn i rekka av fleire kontroversar rundt elektriske sparkesyklar.

Køyretøya blei lovlege i 2018, saman med ståhjulingar.

Både i Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Oslo har framkomstmidla vore kontroversielle. I Trondheim gjekk kommunen til sak mot nettopp Ryde, men tapte.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide varsla i juni innstrammingar i regelverket for elsparkesyklar.