Firma set ut 500 el-sparkesyklar i Bergen utan løyve

Selskapet Ryde dukka opp utan avtale med kommunen, politiet eller Vegvesenet. – Dei berre tok seg til rette, rasar byutviklingsbyråden.

Dagleg leiar Johan Olofsson i Ryde Technology.

SKAPAR REAKSJON: Dagleg leiar Johan Olofsson starta i dag utleige av 500 el-sparkesyklar i Bergen, og seier Ryde Technology ikkje treng løyve til det.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Ryde har etablert seg i nattas mulm og mørke med 500 syklar, utan å avtale med verken kommunen eller politiet. Eg syns det er uprofesjonelt, ugreitt og useriøst å gå fram på denne måten.

Det seier byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) til NRK.

Han reagerer på at det i løpet av fredagen har dukka opp hundrevis av el-sparkesyklar i Bergen.

Dette sjølv om Bergen kommune meiner det ikkje er lov med transportmiddelet i byen.

Det er selskapet Ryde Technology som står bak dei grøne syklane. I formiddag sette dei ut 200 syklar, og i løpet av dagen kjem 300 til.

Dei seier at dei varsla kommunen torsdag.

Ryde meiner dei er i sin fulle rett til å gjere dette, og hevdar kommunen har forseinka prosessen med å tillate syklane. Dagleg leiar Johan Olofsson seier at dei starta dialogen med Bergen kommune i januar 2019.

Nektar å fjerne

Kommunen vurderer saman med politiet korleis dei skal gå fram vidare.

– Eg hadde møte med dei tidlegare i dag og bad dei rulle tilbake elsyklane sine og gå i dialog med kommunen og politiet.

– Fjernar dei syklane no?

– Det vil dei ikkje. Dei meiner det er juridisk umogeleg.

– Korleis oppdaga du at dei har etablert seg i Bergen?

– Me såg rett og slett at dei har sett opp butikk i Bergen på andre sida av gata frå bymiljøetaten og plan- og bygningsetaten. Då bad eg om eit møte med dei, og fekk det akkurat medan dei byrja å rulle ut syklane.

Byråd i Bergen kommune, Thor Haakon Bakke.

PROVOSERT: Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke visste ikkje om at Ryde hadde etablert seg bør han oppdaga el-sparkesyklane deira utanfor kontorvindauga sitt.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Byutviklingsbyråden understrekar at Bergen kommune ikkje er prinsipielt mot el-sparkesyklar.

– Me har hatt dialog med andre el-sparkesykkelaktørar. Alle dei forheld seg til at Bergen planlegg eit pilotprosjekt for el-sparkesyklar i Åsane bydel. Det er synd at Ryde gjer som dei vil.

– Velkjend

Bakke seier selskapet ikkje hadde varsla vegstyremaktene, kommunen eller politiet.

– Dei meiner dei ikkje treng å søke om løyve. Slik Ryde Techology forstår lovverket, kan dei gjere som dei vil på offentleg gategrunn med kommersielt konsept. Dette er eit velkjend mønster frå Ryde i Trondheim og Stavanger. Dei viser ikkje vilje til ein konstruktiv dialog.

El-sparkesyklar har skapt mykje debatt i andre norske byar. I Kristiansand dukka syklane opp utan at kommunen var klar over det.

I Trondheim blei det i fjor forbod mot løysinga, etter to månader med diskusjon. Sidan tapte kommunen mot Ryde i Sør-Trøndelag tingrett, som slo fast at kommunen ikkje har rett til å hindre selskapet i å plassere ut el-sparkehjul i byen.

I utlandet er syklane blitt berykta for rapportar om kaos og ulukker i trafikken.

Bakke trur el-sparkesyklane vil skapa ulike reaksjonar i Bergen.

– Mange vil nok bli sterkt provosert, medan mange vil omfamne dette og tykkje det er spennande og gøy. Men dette er altså ein aktør som berre har gjort som dei vil, utan avtale.

Grønt elektrisk sparkehjul på gaten i Bergen

SPARKEHJUL: Slik ser dei grøne elsparkesyklane som dukka opp i løpet av fredag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Meiner kommunen har trenert

Ryde Technology skriv til NRK at dei «ønsker å tilby Bergens innbyggere et godt, miljømessig transportmiddel som også kan tette hull i kollektivtilbudet.»

Men selskapet «har følt at kommunen ikke har ønsket konkurranse for sine egne bysykler og derfor har forsøkt å forsinke oppstarten av tjenesten. Vi vil ha løpende dialog med kommunen om de forhold som er sentrale for dem og håper at vi i dialog og fellesskap kan finne en plattform som også hensyntar kommunens og innbyggernes behov. Vi håper at kommunen ønsker fremtiden velkommen samtidig som det skapes en sunn konkurranse innen mikro-mobilitet.»

– Dette er lovleg næringsverksemd, seier dagleg leiar Johan Olofsson i Ryde Technology til NRK.

Folk som leiger el-sparkesyklane til Ryde, kan sette dei frå seg kvar som helst. Olofsson seier selskapets folk ved hjelp av GPS-sporing skal samla opp syklane.