– Eg vil no starte eit arbeid med sikte på å foreslå innstrammingar i regelverket vi har i dag. Dette vil starte med ei vurdering av regelverket om parkering på fortau og gangveg, kven som skal handheva reglene og kva slags reaksjonar som kan nyttast ved brot på disse, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til NRK.
POSITIV, MEN BEKYMRA: Samferdselsminister Knut Arild Hareide meiner reglane ikkje er gode nok om kor ein kan parkere elsparkesyklane.
Foto: Vidar Ruud / NTB ScanpixOpen strid i Bergen
Det skjer etter at det har brote ut open strid mellom Bergen kommune og selskapet Ryde etter at sistnemnde sette ut hundrevis av sparkesyklar i Bergen sentrum førre veke utan løyve.
Tysdag hanka Bymiljøetaten inn 13 syklar dei meinte stod i vegen for folk. På Møhlenpris, ved Fløibanen, i Strandgaten og på Møllendal troppa representantar frå kommunen opp for å lempa syklar opp på eit lasteplan.
Ifølgje kommunen er selskapet Ryde varsla om at sparkesyklar som står til hinder for gåande, syklande og rullestolbrukarar kom til å bli fjerna tysdag.
Ryde hadde ikkje avtale med korkje kommunen, politiet eller Vegvesenet. Sjølv meiner selskapet dei har alt på det reine. Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke er av ein annan oppfatning:
– Dei har teke seg til rette utan ein demokratisk prosess. Det er utruleg useriøst, og ikkje greitt i det heile, seier han.
KRITISK: Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke er sterkt kritisk til dei elektriske sparkesyklane.
Foto: Sjur Mikal Dolve / NRKBymiljøetaten skal samla inn elsparkesyklar
Mange av dei som er imot sparkesyklane fryktar at syklane skal bli liggjande og slengja. Bakke bad difor bymiljøetaten om å samla inn syklar som er til hinder for fri ferdsel.
– Dei hindrar rullestolbrukarar, eldre og folk med barnevogn, meiner han.
Han understrekar at han ikkje er i mot elsparkesyklane. Han omtalar det derimot som ein fantastisk teknologi som er kome for å bli. Men byråden ynskjer seg meir ordna former.
– Me har strategiar for korleis gatene skal brukast, utvikla i samband med innbyggjarane, seier Bakke.
13 SYKLAR: NRK får opplyst at 13 syklar blei fjerna tysdag.
Foto: Per Vidar Raunholm / NRK– Byrådet må slutta å berre stå og kjefta
Bystyrerepresentant Charlotte Spurkeland (H) meiner det er byrådet si eiga feil at sparkesyklane dukka opp over natta.
– Byrådet burde ha visst at det kom til å koma elsparkesyklar i Bergen på eit eller anna tidspunkt, seier ho.
Ho meiner dei kunne ha fått på plass regelverk og fått utleiga inn i ordna former.
– Byrådet må slutta å stå og kjefta. Dei har vore for passive. Om dei ikkje hadde vore det, kunne me unngått det kaoset me har opplevd dei siste dagane, seier Spurkeland.
Bystyrerepresentanten trekk fram Stavanger som ein by der dei har fått elsparkesyklane til å fungera, der dei står i ro om natta og det er innført maksfart i gatetun.
– Det er mange ting som kan gjerast for å gjera dette til ei positiv greie, seier ho.
Hareide bekymra over skadar
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) kjenner allereie debatten om elsparkesyklar frå Oslo, kor dei lenge har vore eit omdiskutert innslag i bybiletet. Han seier syklane i utgangspunktet er eit positivt alternativ til bil, men:
– Utbreiinga og bruken vi ser no gjer også betydelege negative konsekvensar. Berre i Oslo blei heile 815 personar skadd under køyring med elsparkesykkel frå 1. april i fjor til 31. mars i år. Mange alvorleg, og svært mange i påverka tilstand, seier Hareide.
Han seier syklane òg gjer det vanskeleg for andre trafikantar å kome seg fram i byane.
– Ein elsparkesykkel kan i samsvar med trafikkreglane parkerast på fortau og gangveg, men berre når den ikkje er til hinder eller ulempe. Det er openbert at dette ikkje vert følgd av alle utleigarar og av svært få brukarar, seier Hareide.
Må betala for å hente syklane
Espen Rønneberg, dagleg leiar i Ryde, bekreftar at dei fekk beskjed frå kommunen i går. Dei seier at dei sjølv er opptekne av problemet, og at dei vil bidra med å løysa det.
– Vi har eit team som er ute og flyttar dei syklane som ikkje er parkert i samsvar med trafikkreglane, seier Rønneberg.
Han seier at dei har snakka med kommunen for å finna ei løysing begge kunne vera nøgd med, men at kommunen ikkje kom dei i møte. No må dei betala ein sum for å henta ut syklane igjen.
– Det står fram lite hensiktsmessig av kommunen å ta med seg syklane på eit lasteplan og køyra dei til Laksevåg og Godvik, når vi sjølv jobbar med dette og kan flytta dei to-tre meter for å vere i tråd med trafikkreglane, seier han.