Det seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang etter at Venstre trekte seg frå budsjettforhandlingane med Høgre, Frp og KrF.
- Les også: – Veldig trist at Venstre bryt
– Det handlar ikkje om nokre øre på bensin og diesel og bensinavgifter, slik kanskje media framstiller det. Det handlar om totalpakken, om å få til eit grønt skifte der det skal bli billegare for folk å velje miljøvennlege løysingar, seier Stang.
– Ikkje berre miljø
KrF vil i morgon bestemme seg for om dei slår følgje med Venstre ut dørene til forhandlingsrommet. Fylkesleiar Trude Brosvik ynskte ikkje i dag å kommentere Venstre sin retrett, og kva følgjer dette får for KrF si haldning til forhandlingane.
Dersom regjeringa sitt budsjett ikkje får fleirtal, kan Erna Solberg si blåblå regjering stå for fall. Klima er sentralt for at Venstre trekkjer seg.
– Så er det også viktig å få fram at det handlar om å stå langt frå kvarandre på miljø, men også frykteleg langt frå kvarandre på andre saker, som utdanning og distriktspolitikk, seier Stang.
Upopulært ultimatum
Medan Venstre meiner dei har fått for lite i forhandlingane, meiner Frp-leiar Siv Jensen at regjeringa har strekt seg langt. Partiet har no eit ekstraordinært møte i landsstyret om forhandlingskrisa.
Jensen slår fast at regjeringa held fast på den mykje omtala bilpakken. Eit ultimatum om denne har sett sinna i kok både hos KrF og Venstre.
– Det var urimeleg nok, men så valde Venstre og KrF gang på gang å finne andre måtar for å finne eit budsjett som medverkar til redusert utslepp av klimagassar. Dette er vedteke av eit fleirtal i stortinget, men så ynskjer Frp å omgå det fleirtalet. Det kan ikkje Venstre tillate skjer, seier Stang.
– No misser de all makt og mynde, og ikkje lenger moglegheit til å påverke. Kvifor gje slepp på den moglegheita?
– Fordi ein får ikkje påverka noko i den retninga vi ynskjer. Då er det betre å la andre prøve.
Håpar på Sp og Ap
Venstre har saman med KrF kjempa for at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal få kompensert for inntekter dei går glipp av som følge av nytt inntektssystem.
Stang håpar no at Sp og Ap blir med på eit fleirtal som syter for tapskompensasjonen når saka blir behandla på Stortinget.
– Dersom Frp og Høgre hadde stått åleine, så hadde det ikkje stått så bra til med tapskompensasjonen. Det er stortinget som vedtek statsbudsjettet, og det er stortingsfleirtalet som vedtek om det blir tapskompensasjon eller ikkje. Eg håpar at Ap og Sp står ved at dette er viktig, avsluttar Stang.