Hopp til innhold

Berga statsjobbane i Leikanger og Førde

LEIKANGER (NRK): I eit år har dei 135 tilsette hjå Fylkesmannen levd i fusjons-uvisse. I dag kom dei lettande orda frå Regjeringa: «Ikke færre arbeidsplasser».

Anne karin Hamre

UAVKLART KVAR EMBETSLEIINGA SKAL VERA: Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane vil søkja på jobben som fylkesmann for det samanslåtte Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesmannsembetet.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Me er glade for at det samanslåtte fylkesmannsembetet skal ha avdelingar i begge fylka, og at det ikkje blir færre arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Å behalda lokalkunnskapen er viktig for kommunane, innbyggjarane og næringslivet, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Det var ein viss letnad å sjå på Statens Hus i Leikanger i dag: I over eitt år har dei 135 arbeidsplassane ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine avdelingar i Leikanger og Førde vore utsette.

Tilsette hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

ALLMØTE: Dei tilsette hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i Leikanger blei i dag orientert om Regjeringa sitt nye fylkesmannskart.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Men i dag bestemte Regjeringa at sjølv om fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman frå 2019, beheld Sogn og Fjordane «(...) om lag samme antall ansatte, og ikke færre arbeidsplasser», som det står i avgjerda til Regjeringa.

Ingen misser jobben

– Det har vore ei uvisse om dette skulle gå vegen vår, men samstundes har leiinga vår arbeidd aktivt og godt i høyringsrundane, seier Ove Midtbø, hovudtillitsvald for Akademikerne.

Ove Midtbø

POSITIV AVGJERD: – Ei delt lokalisering er avgjerande for å tryggja nærleik til innbyggjarane og kommunane i Sogn og Fjordane, seier hovudtillitsvald Ove Midtbø.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– For oss er det veldig positive signal at me skal ha like mange stillingar som før, og ingen misser jobben, seier han.

Men den avgjerda som Regjeringa derimot skubbar framføre seg, er kvar leiinga for det nye samanslåtte fylkesmannsembetet på Vestlandet skal vera, i Sogn og Fjordane eller i Hordaland.

Plassering av leiinga i det blå

Regjeringa skal avgjerda plasseringa «løpet av våren i forbindelse med tilsetting av embetene som fylkesmenn i de sammenslåtte embetene».

Det politiske presset frå Sogn og Fjordane har vore stort for å få lagt embetsleiinga til fylket. Og også fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland sa 2. og 3. februar i år ja ein intensjonsavtale for eit nytt vestlandsfylke; avtalen set som vilkår at leiinga for det nye fylkesmannsembetet skal liggja i Sogn og Fjordane.

Men Regjeringa – med fleire sentrale statsrådar frå Hordaland – skar altså ikkje gjennom på dette punktet i dag.

Jon Håkon Odd

MÅ FØLGJA OPP TVANGSSAMANSLÅINGA: – Å leggja leiinga til Leikanger har vore ei gulrot når Høgre, Frp og Venstre slår kommunane i Sogn saman med tvang. Eg blir skuffa viss Regjeringa ikkje følgjer opp, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Uheldig

– Det er uheldig at Regjeringa ikkje har bestemt kvar leiinga for det samanslåtte fylkesmannsembetet på Vestlandet skal vera, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i vertskommunen Leikanger:

– Å plassera embetsleiinga i Sogn og Fjordane har vore eit klart premiss for fylkessamanslåinga på Vestlandet, så eg blir bekymra at denne avgjerda ikkje blir teken før stillinga blir lyst ut.

Den stillinga stadfestar Anne Karin Hamre at ho kjem til å søkja på, og kommenterer plasseringa av leiinga for det samanslåtte fylkesmannsembetet slik:

– Eg håpar Regjeringa vil lytta til det fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er blitt samde om.