– I Bergen ser vi at snittprisen på ein grei bustad med grei standard, er mykje høgare enn den statlege bustøtta. Så her må det oppjusterast kraftig, meiner byråd for sosial-, bustad- og områdesatsing i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF).
Folk med låg eller inga inntekt får bustøtte for å betale husleiga. Men bustøtta er mykje lågare enn leigeprisane i Bergen. Dette skapar ein klassedelt by der folk med låg inntekt samlast i bydelar der det er billeg å leige, meiner Ulstein.
– Vi ser at vi får ein uheldig samansetning i nokre bydelar der det er lågare prisar. Her kan regjeringa gjere grep.
Forskjellar mellom bydelane
Tal frå kommunen syner at mange som tek imot bustøtte er samla i dei same bydelane. Fana, Bergens største bydel, har berre halvparten så mange mottakarar av bustøtte som Laksevåg og Årstad.
Per Willy Amundsen (Frp) i kommunal- og moderniseringsdepartementet seier regjeringa vil vurdere å auke bustøtta.
– Eg trur vi alle ser oss tent med at vi ikkje samlar dei som har utfordringar i bustadmarknaden på ein stad. Eg er open for at dagens innretning av bustøtta må evaluerast. Det kjem vi også til å gjere i arbeidet med statsbudsjettet for 2015.
- LES OGSÅ: |
Meiner kommunen også har ansvar
Men han meiner staten ikkje kan ta ansvar for utviklinga i Bergen åleine.
– Det som eg vil peike på at det er ikkje berre staten sitt ansvar. Kommunane har også handlingsrom, meiner Amundsen.
Ulstein i Bergen kommune er samd.
– Jo. Og vi gir mykje kommunal bustøtte. Men vi ser at det ikkje har vore noko utvikling i den statlege bustøtta, så vi treng å gjere nokon grep der.