For 15 av Stedje barnehage sine 68 born kan det ta lang tid før dei igjen får leike i Kyrkjevegen 6.
– Det er godt at det ikkje var folk i huset då det skjedde, seier Gunhild Holen.
– Eit trist syn
Barnehagestyraren har vanskar med å setje ord på inntrykka og synet av brannråka Stedjetunet. Like før klokka 19 søndag kveld gjekk brannalarmen i den over 100 år gamle bygningen.
Måndag morgon er bygget, som husar Stedje barnehage, arkitektkontor og kyrkjekontor, totalskadd.
– Det er eit trist syn, seier Holen.
TOTALSKADD: Stedjetunet vart bygt i 1905. Søndag kveld vart bygget totalskadd i brann.
Foto: SONDRE DALAKER / NRKBygget er totalskadd
På det meste var over 50 personar i kamp med flammane, men slaget vart
.Måndag konstaterte fagleiar Elmer Sjøvoll i Sogn Brann og Redning at tredje etasje er nedbrent, andre etasje er brannskadd og første etasje har fått vasskade.
– Bygget er totalskadd, slår Sjøvoll fast.
Mange vart heime
DELTEK: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) er mellom deltakarane når Stedje kyrkje opnar dørene måndag etter brannen.
Foto: Sondre Dalaker / NRKIngen av barnehagen sine avdelingar er i drift måndag. Kommunen har i staden funne mellombelse lokale hos folkehøgskulen på Helgheim.
– Vi varsla alle foreldre i går og gav dei tilbod om å vere på folkehøgskulen, men mange løyste det på anna vis. Vi har berre ei lita gruppe med born der i dag, seier Holen og er ukjend med kor lenge barnehageborna må vere utan sine faste lokale.
Mange vil hjelpe
Etter brannen har fleire tilbode seg å stille opp. Holen har fått tilbod om lokale, arbeidshjelp og leikar.
– Det står ikkje på tilboda, men akkurat no er det vanskeleg å sortere kva vi treng. Vi vil nok trenge hjelp framover, og eg er ikkje i tvil om at vi skal få det til, seier Holen.
– Korleis er det å kjenne at lokalsamfunnet stiller slik opp?
– Det varmar veldig.
Opnar Stedje kyrkje
Sogndal kommune si kriseleiing, Stiftinga Stedjetunet som huseigar og Den norske kyrkja i Sogndal og Leikanger inviterer måndag kveld til open samling i Stedje kyrkje.
Ordførar Jarle Aarvoll, politiet, skadestadsleiinga og Prosten i Sogn er mellom deltakarane.
– Det blir ei samling med informasjon om hendinga. I tillegg blir det lagt opp til at vi kan få møtast og vere saman for å dele opplevinga av dette tapet, skriv sokneprest i Stedje og Kaupanger, Kjell Olav Nordheim.