Hopp til innhold

Har kontroll på flammane, driv no med ettersløkking

SOGNDAL (NRK): Brannvesenet har kontroll på brannen i Stedjetunet etter fleire timar med dramatikk.

Stedjetunet i Sogndal er overtend, og brannmannskap sløkkjer no berre utvendig på grunn av sikkerheita til brannfolka.

SJÅ VIDEO: Brannmannskap frå både Sogndal og Leikanger rykka ut til brannen i det historiske bygget.

Klokka 05.30: – Brannmannskapet har no full kontroll på flammane. Brannen er så å seie sløkt, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Men framleis er det svært mykje varme i bygget som vert rekna som totalskadd i brannen. 20 personar, 12 brannfolk og åtte frå Sivilforsvaret driv no med ettersløkking.

– Det er framleis mykje varmgang i materialane som gjer at brannen framleis blussar opp igjen, seier Rysjedal.

Vanskeleg sløkkearbeid

Brannvesenet måtte trekke brannmannskap ut av bygningen på grunn av stor fare for mannskapet. Det var sundag kveld det tok til å brenne i øvste etasje i det historiske bygget Stedjetunet.

– Vi har sikra to bygningar, men det er lite truleg at brannen vil spreie seg, seier Elmer Sjøvoll i Sogn brann- og redning.

Bygget var i bruk som barnehage, kyrkjekontor og arkitektkontor. Det var ein automatisk brannalarm som varsla alarmsentralen.

Brannmannskap frå Leikanger og Sogndal får bistand frå Sivilforsvaret. Det er tatt i bruk ein brannbil frå Sogndal lufthamn.

– Vasskapasiteten er dårleg. Sivilforsvaret jobbar med å få pumpa opp vatn frå elva. Vi får elles hjelp frå ein stigebil som kjem frå Førde, seier Espen Rysjedal, som er vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.

Storbrann i Sogndal

MÅ TILKALLE EKSTRA MANNSKAP: Brannmannskap får bistand frå Sivilforsvaret til å få kontroll på brannen i Stedjeåsen i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Stor mobilisering

Sogndal kommune har sett kriseleiing etter melding om brannen.

– Vi er i tett dialog med barnehagen og kyrkjekontoret. Brannen byr på store og praktiske utfordringar for barnehagen, som vi no jobbar med å løyse, seier Sogndal-ordførar, Jarle Aarvoll.

Stedje Barnehage er ein privat barnehage som held til i Stedjetunet. Det går 60 born i barnehagen.

– Delar av barnehagen har gått tapt. No planlegg vi drift av barnehagen for morgondagen. Kyrkjekontoret skal møte oss på kommunehuset for å få oversikt over situasjonen, seier rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad.

Kva gjer kommunen vidare?

– No skal kriseleiinga vere til stades for dei som treng det. Det er ei tøff påkjenning å sjå delar av barnehagen gå opp i røyk, seier Aanestad.

Bygget husa Sogndal og Leikanger kyrkjekontor som no står utan kontorlokale.

– Dette er veldig trist. Vi har mellom 10–12 kontor i bygningen. Vi har ein del arkivmateriale som vil gå tapt, seier fungerande prost i Sogn, Jermod Hausberg.

Brann

HISTORISK BYGG: Stedjetunet er ein historisk bygning som først blei brukt som sjukeheim.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK
Brann

KRISELEIING: Sogndal kommune har sett kriseleiing etter storbrannen i Sogndal.

Foto: JOSEF BENONI TVEIT
Brannmannskap frå Sogndal og Leikanger kjempar for å sløkkje overtend hus i Sogndal. Huset vert brukt til barnehage, kyrkjekotor og arkitektkontor.