Hopp til innhold

Frysetørkar reddar øydelagde kyrkjebøker

BERGEN (NRK): Dei gamle bøkene som fekk store skadar i brannen i Sogndal før jul, har vore oppbevart i ein fryseboks. No skal ei maskin berga historia.

Slik kan dei redde brente kyrkjebøker

FRYSETØRKAR: Vakuum tørke ut frosne vasskrystallar. Når prosessen er ferdig, er bøkene tørre,

Foto: Henrik Eilertsen Hauken / NRK

Statsarkivet i Bergen fekk onsdag ein noko spesiell pakke levert på døra. Ein heil fryseboks med 42 nedfrosne kyrkjebøker.

Bøkene var plassert i ein safe, men fekk store vass- og røykskadar då kyrkjekontoret i Sogndal vart totalskadd i brann i desember i fjor.

No skal ekspertane i Bergen freiste å berge dei fleire hundre år gamle bøkene som inneheld alt frå dåp til gravferder, slektsforhold og andre opplysningar frå soknet.

Brann i Sogndal

TOTALSKADD: Stedjetunet husa kyrkjekontoret, ei barnehageavdeling og eit arkitektfirma.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Skal redde våte bøker

– Vi har vore i kontakt med Bergen byarkiv som har ein frysetørkar vi kan nytte. Det er ein maskin som skaper eit vakuum og som kan redde våte bøker, seier arkivar Marianne Herfindal Johannessen ved Statsarkivet.

I maskina blir bøkene aldri tint. Det er ein form for vakuum som sprenger ut og tørkar dei frosne vasskrystallane.

– Difor er dei våte bøkene blitt lagt til frys med vilje, forklarar Johannessen.

Når prosessen med frysetørkaren er ferdig, er bøkene tørre og det går fint å bla i dei.

– Men vi har berre opna ei bok endå, så vi veit eigentleg ikkje korleis tilstanden på dei andre er, seier Johannessen.

Marianne Herfinndal Johannessen

OPTIMIST: Arkivar Marianne Herfindal Johannessen ved Statsarkivet håpar dei kan redde bøkene.

Foto: Henrik Eilertsen Hauken / NRK

– Hell i uhell

Safen som oppbevarte bøkene var dekka med vatn, men ikkje heile var tildekt. Difor er det forskjell på kor våte bøkene har blitt.

– Eg er veldig optimistisk. Heldigvis skjedde dette når det var kaldt og ikkje om sommaren. Det tok over ei veke før den våte safen vart opna, så om dette skjedde om sommaren så kunne vi risikert at dei vart mygla eller kom sopp.

– I staden vart bøkene frosne og har ikkje est ut. Så her har det vore hell i uhellet, seier arkivaren.

Viktig historie

– Det er veldig mykje historie. Spesielt dato og namn har mykje å sei for familiar når ein skal sjå tilbake i tid. Det kan fortelje noko om livet folk levde før, seier kyrkjeverge i Sogndal, Jorunn Merete Haukås-Eide.

Også fungerande kyrkjeverge i Førde, Jenny Ødven Snildal håpar ein reddar mest mogleg informasjon som er viktig å ta vare på.

– I gamle dagar var kyrkjeboka viktig. Det vart ført opplysningar om karakterar og vaksinasjonar, spesielle ting som gjaldt den enkelte, seier Snildal.

Statsarkivet i Bergen fekk onsdag ein noko spesiell pakke levert på døra.

FROSNE BØKER: Papir som blir skikkeleg vått – smuldrar opp – men no kan dei bergast.

Foto: HENRIK EILERTSEN HAUKEN / NRK