Ei av Stedje barnehage sine fire avdelingar gjekk tapt i storbrannen søndag kveld. Her går 15 born.
Barnehagen har til saman 68 born. Tre av avdelingane ligg rundt brannråka Stedjetunet. Ingen av avdelingane blir tekne i bruk i dag.
– Vi har funne ei kortsiktig løysing på Sogndal Folkehøgskule Helgheim, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).
Store skader
Sogndal kommune har sett kriseleiing etter brannen i historiske Stedjetunet søndag kveld. Bygningen, som husa både barnehage og fleire kontor, vart totalskadd i brannen.
Kommunen vil halde fram arbeidet med å løyse utfordringane til barnehagen, både på kort og lengre sikt.
Stedjetunet er frå tidleg 1900-tal.
– Det er nedbrent i toppen, har brannskadar i andre etasje og vasskade i første etasje, seier fagleiar for brannvesenet i Sogndal, Elmer Sjøvoll.
På det meste jobba over 50 personar med å få kontroll på flammane. Tidleg måndag morgon var vel ti brannfolk og åtte personar frå Sivilforsvaret framleis i sving.
Krevjande sløkkearbeid
Alle naudetatane vart varsla om brannen i Kyrkjevegen klokka 1848. Brannen vart meldt inn som ein automatisk brannalarm. Brannmannskapet fekk seint søndag kveld kontroll på flammane. Igjennom natta har mykje varmgang i materialen gjort at brannen blussa opp att.
Røykdykkarar var måndag morgon inne i bygget med varmesøkjande kamera. Sjøvoll fortel om eit krevjande sløkkearbeid.
– Bygget er veldig gamalt og ærverdig. Det er tømmerveggar og mykje holrom, seier Sjøvoll.
Rosar brannmannskapet
Skumbilen frå Sogndal lufthamn og stigebilen til Førde brannvern vart kalla ut til brannen. Også brannmannskap i Luster, Gaupne og Leikanger deltok i sløkkearbeidet.
Ordførar Aarvoll er glad for at ingen personar vart skadde i brannen, men rosar brann- og redningsmannskap for arbeidet.
– Når eg tenkjer på korleis det såg ut her i går, så hadde eg ikkje trudd at det stod så mykje att i dag. Det viser den enorme innsatsen som er lagt ned, seier han.
Uviss brannårsak
– Det er trist det som har gått tapt, men så har dei også berga paviljongen og delar av barnehagen, legg Aarvoll til.
Det er framleis for tidleg å seie kva som er brannårsaka.
– No er det å få sløkt alt, slik at brannstaden blir kald og politiet kan overta for etterforsking, seier Espen Rysjedal, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.