Hopp til innhold

Barnehagehåpet gjekk opp i røyk

SOGNDAL (NRK): Håvard Kristiansen håpa at dottera Silje (snart 1) skulle få begynna i same barnehage som storebroren. – No ser det veldig vanskeleg ut, seier han, medan han ser på det utbrende huset.

Håvard Kristiansen og dottera Silje (1)

AVDELINGA OPP I RØYK: Den eine småbarnsavdelinga ligg i det utbrende huset.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I går kveld vart Stedjetunet i Sogndal totalskadd i brann. Den over 100 år gamle bygningen husa Stedje barnehage, kyrkjekontoret i Sogndal og eit arkitektfirma.

Kristiansen har med seg dottera Silje (snart 1), sonen Ola (4) og kameraten hans, Fredrik (4). På veg til butikken måtte dei nett innom barnehagen til gutane for å sjå resultatet av søndagens storbrann.

– Det er forferdeleg trist. Det har vore flinke brannmenn som har stått på og sløkt det. Men det var ufatteleg trist å stå i huset heime på Stedje å sjå at det brann.

Heime med tre ungar

Håvard Kristiansen med Ola (4) og Fredrik (4) framfor Stedje barnehage

PAPPAPERM: Kristiansen er heime med Silje (snart 1), så då kunne sonen Ola og kompisen Fredrik vera heime med han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ola og Fredrik går begge i ei av avdelingane som ikkje vart råka av flammane. Dottera Silje (1) blir eitt år i januar, og Kristiansen hadde håpa at ho skulle få begynna i same barnehage som storebroren. Men den eine småbarnsavdelinga er no totalskadd . Den andre, som ligg i eit eige bygg tett på det som brann, har fått røykskadar.

– Det er ein veldig fin barnehage med flinke folk som jobbar her, dei er mykje ute og det ligg nære heime. Det hadde vore fint å ha dei i same barnehage, men no ser det veldig vanskeleg ut. Som om ikkje sjansen var liten nok frå før av til få barnehageplass i Sogndal, så vart den mikroskopisk no.

Brann

TOTALSKADD: Loftet og 2. etasje er utbrent. 1. etasje har store vass- og røykskadar. Huset er totalskadd.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Ingen av barnehagen sine avdelingar er i drift måndag . Kommunen har i staden funne mellombelse lokale hos Sogndal folkehøgskule på Helgheim. Kristiansen har pappaperm, så for han baud det ikkje på store problem å ha eit par ekstra ungar i huset på dagtid.

– Då tilbaud me han eine bestekompisen til Ola å vera her i dag også. Det har gått heilt fint, men me får sjå kor mange dagar det blir slik, seier han.

– Klump i halsen

Per Hilleren

TUNG DAG: Det var tungt for Per Hilleren å sjå den gamle bygningen dagen etter flammane herja.

Foto: Sondre Dalake / NRK

– Det er ei tung og vanskeleg oppleving å stå her no. Eg kjenner mykje meir på reaksjonane i dag enn i går, når eg ser kor mykje som har gått tapt, seier Per Hilleren, leiar i Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd.

Dei hadde 12 kontor i bygningen og forsamlingslokale til blant anna kyrkjekaffi og babysong. Hilleren har ikkje vore inne i huset, men fryktar at mykje er gått tapt.

– Me hadde blant anna nokre safar, men eg er usikker på korleis dei safane har takla brannen. Så er det datamaskiner og alt dei tilsette hadde. Mykje har me på server, så det er trygt, men mellom anna gravplasskart er nok vekke. Me har mista store verdiar, det er eg ikkje i tvil om.

Brann i Sogndal

HERJA: Brannen var synleg frå heile Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK