Hopp til innhold

Baren inviterte til nissefest med 🍹-emoji – fekk prikk av skjenkekontrollen

Utestaden inviterte til førjulskos med bålpanne og julegløgg. Men då bareigaren skreiv at nissen skulle ha med seg godsaker, gjorde han ein tabbe.

Bar On fikk prikk for bruk av emoji i deletekst

FEKK PRIKK: Denne emojien er alkoholreklame, meiner skjenkekontrollen i Kvinnherad kommune.

Foto: Montasje / Skjermbilde

12. desember i fjor delte bareigar Anders Helvik Kristensen eit innlegg på Facebook der han inviterte til nissefest.

Nokre dagar seinare kom skjenkekontrollen på besøk på utestaden i Rosendal i Kvinnherad kommune.

Dei fann at alt var i orden. Bortsett frå éin ting.

Baren blei ilagt éin prikk for å ha reklamert for alkohol gjennom drink-emojien på Facebook-innlegget.

– Eg trudde først det var tull. Er det kødd, tenkte eg, seier Kristensen.

Meiner emoji er forbunde med alkohol

For i forkant av kontrollen tidlegare på kvelden hadde kontrollørane sjekka baren si Facebookside. Der fann dei reklamen for nissefesten.

«Kanskje kommer nissen innom med noen godsaker til folket...🍹»

Saka blei først omtalt av avisa Kvinnheringen.

Dette meiner skjenkekontrolløren er brot på forbodet mot alkoholreklame.

Vidare blir det slått fast at bruk av emojiar som blir forbunde med alkohol, til dømes ølglas, vinglas, champagneflasker og liknande, ikkje er lov når ein skjenkestad publiserer dette på sosiale medium.

Bar-On sitt innlegg som førte til prikk av skjenkekontrollen. Baren skriv at nissen knaskje innom med godsaker til folket, etterfølgt av ein drink-emoji.

NISSEGODT: Deler av Bar-On sitt innlegg som førte til prikk av skjenkekontrollen. Baren skriv at nissen kanskje innom med godsaker til folket, etterfølgt av ein drink-emoji.

Foto: Skjermdump Facebook

– Kan lika gjerne vera saft

I kommentarfeltet under avisa si deling av saka har skjenkekontrollen fått gjennomgå.

– Det kan like gjerne vera saft me serverer. Det er ingen referanse til alkohol, verken merkevare eller type alkohol. Sånn sett meiner eg alkoholfri øl er ei tydelegare form for reklame.

– Skin det ikkje litt gjennom at du har alkoholhaldig drikke i tankane når du brukar denne emojien i ein slik kontekst?

– Eg skjønar at ein ikkje skal reklamera for alkohol, men at du ikkje kan bruka ein emoji i ein tekst, nei, det begrip eg ikkje.

Kristensen har til no valt å ikkje klaga på vedtaket. Han ønskjer å ha eit godt forhold til skjenkekontrollen, og meiner andre sine reaksjonar snakkar betre enn hans eigne.

– Dette har blitt ein snakkis her. Folk eg snakkar med synest det blir for dumt, hevdar bareigaren i Sunnhordland.

Anders Helvik Kristensen, innehaver Bar-On i Rosendal

BAREIGAR: Anders Helvik Kristensen er innehavar av Bar-On i Rosendal i Kvinnherad.

Foto: Privat

Champagne-emoji til politisk behandling

For det er ikkje første gong skjenkekontrollen får kritikk for å ha reagert på emoji-bruk i sosiale medium.

I oktober i fjor delte bryggerestauranten Big Horn i Tønsberg eit liknande innlegg.

Ei grøn flaske i ei Facebook-oppdatering var starten på lang saksgang hos kommunen, advokat-klage og full politisk behandling, skreiv Tønsbergs Blad førre veke.

Komande tysdag skal politikarane i utval for kultur, idrett og folkehelse ta stilling til saka.

I saksdokumenta kjem det ifølgje Tønsbergs Blad fram at kommunen har snudd i saka.

«Kommunedirektøren vurderer at emojien hovudsaklig inngår som et fest-element, uten at dette her nødvendigvis gir signaler om markedsføring av alkoholholdig drikk, ei heller gir emojien i seg selv en klar assosiasjon til alkoholholdig drikk», skriv kommunedirektøren i saka.

Tidlegare i januar skreiv NRK om bryggeriet Salikatt i Stavanger, som bad kundar om ikkje å tagga dei i sosiale medium. Årsaka var at Helsedirektoratet meiner at ein eigar av ein profil har ansvar for alt innhald der, også det som er lagt ut av tredjepersonar.

Saka har ført til ramaskrik i bryggeribransjen.

muntlig spørretime

SOM FANDEN LES BIBELEN: – Kommunen tolkar alkohollova som fanden tolkar bibelen, seier stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp) om emojiprikken i Rosendal.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Helsedirektoratet: Illustrasjonar av alkohol er ulovlege

Helsedirektoratet vil ikkje kommentera sjølve saka i Kvinnherad.

Dei skriv i ein e-post til NRK at det er forbode med bilete eller illustrasjonar av alkohol.

– Alkoholrelaterte emojis er illustrasjonar av alkohol og er derfor ikkje tillatne, skriv avdelingsdirektør Øyvind Giæver i Helsedirektoratet.

Vidare skriv dei at ord og uttrykk som ikkje nemner alkohol direkte, men som likevel mange vil assosiera med alkohol, også er ulovlege.

– For eksempel 'doggfrisk drikke', 'noko godt i glaset' eller 'gode greier', saman med ein vin-emoji», skriv Giæver.

– Firkanta

Kristensen i Kvinnherad har fagbrev som servitør og har fleire meistertitlar som bartender.

Han meiner tolkingane har blitt strengare og vil oppmoda politikarane på Stortinget til å gå gjennom regelverket.

Og no hamnar også emojien til Kristensen på Løvebakken.

– Eg synest dette er byråkrati av verste sort. Kommunen tolkar alkohollova som fanden tolkar bibelen, seier stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp). Måndag sende han dette spørsmålet til helseministeren.

«Er statsråden einig i at ein emoji er ein alkoholreklame?»

– Noreg er eit føregangsland på mange område, men eg tenker at viss det skal vera så firkanta som desse sakene viser så går det går over i «toskeskap». Det manglar litt sunn fornuft, meiner Kristensen.

Bareigaren har enno ikkje tatt ned innlegget, men seier han vil endra emojien.

– Den har eg for så vidt gløymt å ta vekk. Eg burde kanskje gjera det. Det viser i alle fall at me tar dette på alvor.