Bakke vil kle seg i kvitt og svart

Eirik Bakke si tid i Brann ser ut til å gå mot slutten.

Eirik Bakke (V) i duell mot Trond Fredriksen

Eirik Bakke i kjent stil for Brann. Her i duell mot Trond Fredriksen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Sogndølen er utan kontrakt ved sesongslutt, og mykje taler for at han vender nasen heim til Sogndal.

- Eg går ut av kontrakt no, så det ligg vel litt i korta, men vi får sjå. Eg er sogndalsgut, og har lyst til å ha på meg den kvite drakta før eg gir meg med fotballen, seier 32-åringen til TV2.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Reiste til England

Bakke debuterte i den kvit-svarte drakta i 1993. Sidan vart det 22 mål på 119 obligatoriske kampar, før turen gjekk til England og Leeds United. Etter eit kort låneopphald i Aston Villa , gjekk turen vidare til Brann der det i 2007 vart seriegull .

- Han ynskjer å avslutte karriera si, slik vi har forstått det, ved å reise heim og medverke i høve til Sogndal som klubb, seier sportssjef i Brann, Roald Bruun Hansen, til den same kanalen.

(Artikkelen held fram under statistikken)

Bakke si karriere

Klubb

Frå-til

Kampar totalt

Mål

Sogndal

1995-1999

161

31

Leeds United

1999-2006

164 (32)

21

Aston Villa (lån)

2005-2006

8 (6)

0

Brann (kun serie og cup)

2006-

84

6

Samla underskrifter

I heimbygda har Bakke vore ein populær og sakna spelar. Året etter at han kom til Norge og Brann, samla supportarane i Sogndal underskrifter for å få midtbanespelaren heim .

Sjølv om Brann og Bakke vil diskutere framtida hans utover sesongen, kan tre års ventetid sjå ut til å vere over for sogndalsupportarane.