Hopp til innhold

- Vi veit hjartet hans er i Sogndal

Tøffe tider for Brann-kapteinen.

Eirik Bakke
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

- Eirik Bakke har vorte symbolet på motgangen til Brann. Han har fått mange hatske utfall mot seg fordi mange meiner han starta kampanjen som gjorde at Mons Ivar Mjelde til slutt måtte gå, seier Eduardo "Doddo" Andersen, ein av Bergen sine høgst profilerte supportarar.

Les og: Sesongen som felte Mjelde

Les og: Mjelde går

Hetsa på nettet

Bakke har fått hard medfart i det siste, spesielt på ulike nettforum der både spelet hans, medieutspela og rolla hans i Mjelde sin avgang har skaffa han mange uvener.

Mellom anna har supporterane sin sang til Bakke, fått følgjande omskriving:

"Åååh Eirik Bakke

Start å pakke

Ditt late dyr!

Kom deg hem til Sogndal for du hasje mer å gi

Og blir du ut sesongen blir vi f**n nummer 10"

Les meir frå Brann-bataljonen sitt supporterforum

Høg løn tyngar

Bergens Tidende-bloggaren seier den høge løna og kapteinsstatusen har gjort Bakke til skyteskive for mange. Men han trur ikkje dette vil gje seg utslag i piping eller hets neste gong Bakke spelar kamp på Brann Stadion.

- Bergen er delt i to. Dei som elskar Mons Ivar Mjelde og dei som meiner han var ein middelmådig trenar. Den første gruppa er dei som mislikar Bakke no, men hets frå tribunene trur eg ikkje han får.

- Bør han framleis vere kaptein?

- Eg tykkjer framleis han er den naturlege kapteinen. Når du snakkar med spelarane høyrer du etter to setningar kven som er leiarar, og at Bakke er det er det ingen som helst tvil om, seier "Doddo".

Blir neppe hetsa på stadion

Trass i all hetsen på nettet trur heller ikkje leiaren i supportergruperinga Bataljonen, Rune Hellebø, at Bakke vil bli hetsa på stadion.

- Nei, det ha eg ikkje tru på. Sjølv om det er folk som kanskje har lyst til å få det til.

Hellebø reagerer spesielt på Bakke sine utsegner etter at Brann tapte 8-0 mot Brann. Bakke vart sitert på at han ikkje brydde seg om supporterane sine reaksjonar.

Sitert ut av samanhengen

- Det vart nok teke ut av samanhengen sin, men han må vere forsiktig. Det er vi supporterane som betalar løna hans, seier Hellebø.

"Doddo" trur uansett at Eirik Bakke har ei framtid i Brann, men er fullt klar over at Sogndal gjer det dei kan for å få han heim og har gjort det lenge.

Sogndal prøver å lokke

- Kven veit dersom Sogndal rykker opp? Men eg trur ikkje Sogndal har råd til å kjøpe han laus. Han tener 3,8 millionar i Brann og veit at dette er siste gongen i karrieren han kan hente ut så mykje pengar.

- Men folk veit jo at eigentleg er hjartet hans i Sogndal.

- Er det eigentleg noko problem?

- Eigentleg ikkje. Dei fleste spelarane i Brann er jo ikkje opprinneleg knytte til klubben på den måten, seier Eduardo Andersen.