Hopp til innhold

Bakke klar for Brann

Tvisten mellom Eirik Bakke og Leeds løyste seg i kveld då partane vart einige og Bakke signerte for serieleiar Brann.

Eirik Bakke
Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Berre timar før overgangsvindauget stengde torsdag kveld var Eirik Bakke klar for Brann.  

Ut 2008-sesongen

Sogndølen har skrive under på ein kontrakt ut 2008-sesongen, melder TV2-sporten. Kor mykje Bakke har redusert sitt lønskrav, og kor mykje Brann bidreg med, er ukjent, men truleg er investeringsselskapet Hardball som tidlegare har stått bak ei rekkje overgangar til bergensarane sentrale i prosessen.