UEFA-kampen i forrige veke sette ein stoppar for C-trenarkurset som Eirik Bakke var påmeld til. Men sogndølen er innstilt på å ta dei naudsynte kursa ved eit seinare høve. For det er trenar han vil bli når han legg opp som spelar.
Erstatte Emberland
På spørsmål frå Firda om han kjem til å erstatte Mons Ivar Mjelde på sikt svarar Bakke.
- Nei, he, he. Det er vel meir aktuelt at eg skal erstatte Karl Oskar Emberland.