Hopp til innhold

Var med å få gullet hém!

Då Viking slo Stabæk måndag, tok Eirik Bakke frå Sogndal og Azar Karadas frå Eid seriegull saman med laget sitt Brann.

Brann-spillerne feirer gullet

Azar Karadas og dei andre feira gullet...

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

For første gong sidan 1963 tek laget frå Brann gullmedaljane heim til Bergen. Ingen kan no ta Brann igjen på tabellen. 

- Stolt og glad

Azar Karadas
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Dagen derpå er det to glade fotballspelarar vi møter på Brann stadion.

- Dette føles veldig godt. Eg er veldig stolt og glad, seier nordfjordingen Azar Karadas.

- Du har gips på handa etter ein skade, korleis kjennes det?

- Formen er stigande. Eg har hatt eit bra opplegg med Brann, og det gjer at eg har kunne bidra meir enn eg trudde på førehand.

Han seier at den største skilnaden på det Brann-laget han forlet og det laget han kom tilbake til, er at apparatet er meir profesjonelt.

- No håper eg at eg er komen for å bli, seier han.

Kom til Bergen for å vinne

Eirik Bakke seier det er ein lettelse for heile klubben at gullet er i boks.

- No slepp vi å tenkje på dette når vi skal spele kamp UEFA-kamp torsdag, og vi slepp å bekymre oss før seriekampen mot Viking på søndag, seier han.

- Korleis rangerer du denne gullmedaljen opp mot det andre du har opplevd på fotballbana?

- Ein av grunnane til at eg kom til Bergen, var for å vinne seriegull. Det er veldig spesielt dette her.

Avslutter med stil

Bakke måtte operere i begynnelsen av januar og mista med det heile vårsesongen.

- No føler eg at eg har fått bidrege meir og meir. Eg skal eg avslutte denne sesongen med stil, og så skal alle få sjå ein endå betre Eirik Bakke neste sesong, seier han.

Staut fjording og tøff sogning

Brann-trenar Mons Ivar Mjelde er veldig fornøgd med innsatsen til dei to spelarane frå Sogn og Fjordane.

- Azar har komme inn med energi og musklar, han er ein staut fjording. Han har vore i betre form enn vi rekna med. Men det var synd med fingrane og handa som han skada på ei landslagssamling.

- På same måte som Azar har også Eirik vore ein viktig bidragytar. Han har vore skada, men når han har vore frisk har han bidrege på bana. Når han ikkje har kunna spelt, har han bidrege i miljøet. Erik er ein veldig fin type, ein tøffing med gode haldningar, seier Mjelde.

Får gullmedaljar på søndag

Brann får gullmedaljane sine i neste serierunde, heime mot nettopp Viking. Deretter ventar Tromsø borte i gullsesongens aller siste seriekamp, før laget skal ut i gruppespill i UEFA-cupen.

Les også: Brann er årets seriemester

Brann-spillerne hylles på Brann Stadion

Brann-spillerne hylles på Brann Stadion

Foto: NRK