Hopp til innhold

Bærplukkarar frå Thailand «reddar» norske fruktbønder

Kritisk mangel på sesongarbeidarar gjer at norske bærbønder må sjå lenger enn til Aust-Europa for å skaffe seg arbeidskraft.

LANGVEGSFARANDE BÆRPLUKKARAR: Phensri Bunpha (f.v.), Atjima Suraram og Duangduean Sriutha frå Thailand har reist 9000 kilometer for arbeida og sjå eit land heilt annleis enn deira eige.

LANGVEGSFARANDE BÆRPLUKKARAR: Phensri Bunpha (frå venstre), Atjima Suraram og Duangduean Sriutha frå Thailand har reist 9000 kilometer for arbeida og sjå eit land heilt annleis enn deira eige.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

9000 kilometer. Det er avstanden Duangduean Sriutha (25), Phensri Bunpha (40) og Atjima Suraram (22) har reist for å kome til Vangsnes i Sogn.

Dei tre kjem frå Thailand, men no skal dei leve av å plukke jordbær i seks månader.

Det er fint å arbeide her, seier Atjima Suraram, som til vanleg er student.

Attende i Thailand driv Phensri Bunpha ein liten fruktbutikk, medan Duangduean Sriutha jobbar på restaurant.

Eg saknar familien og hunden min. Men vi har det bra her, seier Atjima.

Til vanleg er det eit titals polakkar som plukkar bær på garden til fruktbonde Ola Hopperstad, men fleire forhold gjer at det i år kjem færre gjestearbeidarar til Noreg enn før.

  • Langtidsverknader etter pandemien
  • Betre jobbmarknad i Polen
  • Krigen i Ukraina og den urolege situasjonen i Øst-Europa

For Hopperstad er difor løysinga å hente inn 40 bærplukkarar frå Thailand.

– Her på Vestlandet er det ikkje så vanleg, men dette har dei gjort på Austlandet lenge, seier han.

Jordbærplukkere

MANGLAR FOLK: Til vanleg kjem 18.000 sesongarbeidarar til Noreg for å plukke frukt, bær, grønsaker og potet. Så mange kjem det neppe i år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Ordet «kritisk» er brukt

Historisk har opp mot 18.000 sesongarbeidarar kvart år kome til Noreg for å plukke frukt, bær, grønsaker og potet.

Så mange kjem det neppe i år.

– Ordet «kritisk» er brukt. Det er nok veldig mange som skulle ønskt seg fleire sesongarbeidarar denne sommaren, seier Ann-Kristin Kristoffersen i NHO Vestland.

Ei ny undersøking viser at to av tre NHO-bedrifter manglar folk. Særleg bærbønder, reiseliv og servering er ramma.

– Hos enkelte er mangelen på sesongarbeidarar så stor at det ikkje går rundt, seier Kristoffersen.

Solberg-regjeringa gav i fjor 40 millionar kroner til ei mellombels ordning der bøndene får refundert utgifter dei har til å lære opp ungdommar.

– Ved å lære opp norsk ungdom no, har bøndene kanskje vikarar og sesongarbeidarar i lang tid, sa dåverande landbruks- og matminister Olaug Bollestad til NRK.

UDI veit ikkje kor mange sesongarbeidarar som kjem til Noreg i år.

Frå januar og fram til mai har det kome 2853 søknader, men ikkje alle er ferdig behandla. 1100 av søkjarane kjem frå Vietnam, medan neste land på lista er Ukraina med 472 gjestearbeidarar, oppgir UDI.

Olaug Bollestad med med en bunt gulrøtter

40 MILLIONAR TIL OPPLÆRING: – Ved å lære opp norsk ungdom no, har bøndene kanskje vikarar og sesongarbeidarar i lang tid, seier Olaug Bollestad (KrF).

Foto: Carina Johansen / NTB

Står betre til i år

Etter to krevjande år med mangel på folk, står det betre til i år, seier Gunn Jorunn Sørum, som er rådgjevar i Gartnerhallen.

Sjølv om dei fleste bærbønder nyttar utanlandsk arbeidskraft, oppgav 70 prosent av medlemmene til Gartnerhallen at dei også nytta norsk arbeidskraft i fjor.

Gartnerhallen jobbar med å rekruttere fleire til opplæring og utdanning, samt å gjere ny teknologi tilgjengeleg for bøndene. Noko som kan hjelpe, er robotar som plukkar bær.

Fruktbonde Ola Hopperstad i Sogn trur han også i åra framover vil vere avhengig av å hente inn sesongarbeidarar frå land langt vekke.

Den største flaskehalsen har vore papirmølla og visumgebyr på 6500 kroner, fortel bærbonden, som måtte starte i januar for å få alt i boks til bærsesongen.

Jordbæråkeren til Hans Herman Kalhagen

SESONG: Snart bognar det av jordbær i norske åkrar. Mange har då behov for arbeidshender som kan ta i eit tak.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK