Hopp til innhold

No kan sesongarbeidarane kome, men dei vil ikkje

INNVIK (NRK): Grensene er opna, men sesongarbeidarane som skal hjelpe norske bønder er framleis nesten ikkje å sjå.

Bærbonde Øyvind Reme i Innvik

FORTVILT: Eyvind Reme opplever det fortvilande at han ikkje veit om han får hausta inn årets bringebæravling.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er høgst usikkert om vi får hausta inn all bringebæra i år, seier Eyvind Reme.

46-åringen står midt i bringebæråkeren sin i Innvik i Nordfjord. Han har eit dystert drag over andletet.

I eit normalår skal han i løpet av eit par hektiske sommarmånader hauste 50 tonn bringebær, 70 tonn plommer og 15 tonn eple.

Men i år er alt usikkert.

For kor er arbeidarane som kan hjelpe han?

6. mai kunngjorde regjeringa at landet skal opnast att for utanlandske sesongarbeidarar.

– No gjer vi endringar slik at personar som har arbeidskontrakt på at dei skal i jobb i Noreg, kan komme til Noreg, uttalte justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

LES MEIR: Fryktar sesongarbeidarar skal ta med seg smitte

Men det betyr ikkje at dei utanlandske sesongarbeidarane vil til Noreg.

Kronekursen gjer det mindre attraktivt

– Den låge kronekursen gjer at polakkane si løn er redusert med nesten 20 prosent sidan i fjor, seier Eyvind Reme.

– Klart det gjer det mindre attraktivt for dei å kome hit. I verste fall vil mykje bær rotne vekk, seier han.

Haslum gård tilbyr selvplukk av bringebær om sommeren

BLIR IKKJE PLUKKA?: Store mengder norsk bringebær kan i verste fall rotne ned på grunn av mangel på sesongarbeidarar. For norsk ungdom er bærplukking svært lite attraktivt, både fordi det er dårleg betalt og at arbeidet er hardt.

Foto: Haslum gård

Landbruket i Noreg sysselset normalt opptil 15.000 utanlandske sesongarbeidarar i vekstsesongen.

I likskap med alle andre som kryssar grensa inn til Noreg, blir sesongarbeidarane pålagt ti dagar i karantene. Men ein spesifikasjon i Covid-19-forskrifta gjer at de kan jobbe på «driftseininga» desse dagane.

Bringebærbonden ser ikkje for seg at løysinga er å leige inn norsk ungdom.

– Eg kan sjølvsagt prøve, men eg er veldig usikker på om det blir bra, seier han, og viser til at han ikkje har sjanse til å betale meir enn 127 kroner i timen om reknestykket skal gå opp.

Slår alarm om redusert innhausting

Elisabeth Morthen er administrerande direktør i Gartnerhallen. Ho er redd for at innhaustinga av jordbær og bringebær blir redusert.

– Dette både fordi det tek lang tid å få avklart om borgarar frå tredjeland kjem. Dels fordi mange vegrar seg å kome på grunn av frykt for smitte, og dels fordi kostnadsnivået for å få hausta bæra har vorte høgare, seier ho.

Administrerende direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen

USIKKER: Administrerande direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen, fryktar at ikkje all norsk bær og frukt vil bli hausta i år på grunn av mangel på arbeidskraft.

Foto: NRK

Ho fortel at det no kappast om sesongarbeidarar i heile Vest-Europa, men at dei er vanskeleg å tiltrekke seg.

Ho er difor glad for at det er opna for at sesongarbeidarar også utanfor EØS-land, men meiner det tek for lang tid å få dei klargjort. Visumpliktige utlendingar treng eit innreisevisum frå ein utanriksstasjon, før dei kan reise inn til Noreg.

– Det er viktig at UDI behandlar søknader om visum raskt og legg til rette på alle måtar, slik at dei som vil til Noreg får kome, seier ho.

– Prioriterer desse sakene høgt

Christiane Heffermehl Lange er einingsleiar i avdelinga for opphald i UDI.

«Vi prioriterer behandlinga av desse sakene høgt og jobbar nå med å legge til rette for ein rask saksavvikling», skriv ho i eit svar til NRK, og viser til at «dei nødvendige endringane i regelverket kom på plass for to dagar sidan.»

– I tillegg samarbeider vi dagleg med UD og dei aktuelle utanriksstasjonane, slik at det så langt vi rår over skal vere praktiske gjennomførbart å nytte ein løyve som vert innvilga.

Polakkane Marcin Slezack og Matuenusz Mazirarz jobbar i Innvik.

TAR JOBB SOM NORDMENN IKKJE VIL HA: Polakkane Marcin Slezack og Mateusz Sak Maziarz har jobba som bærplukkarar i Innvik i fleire år. Dei ønskjer ikkje å svare på om norsk ungdom er late når dei ikkje vil plukke bær.

Foto: Bård Siem / NRK