– Kosttilskot som protein er heilt klart ein inngang til doping, seier treningseksperten til VG.
Han meiner bruk av proteintilskot er heilt unødvendig og overfor avisa Nordlys gir han uttrykk for at det er uheldig at så mange no droppar mat til fordel for proteinshaker.
– Berre eit alternativ igjen
Fokuset på trening og jaget etter resultat er viktig for mange. Men å få i seg protein ved å drikke proteinshakar er ikkje vegen å gå, meiner Andersen. Heller tvert om.
Han åtvarar foreldre og ber dei følgje med på unge som byrjar bruke denne typen kosttilskot. Proteinshakar kan nemleg vere inngangen til doping, meiner han.
– Når ein 18-åring merkar resultatet av proteinpulver og seinare stagnerer vil vedkommande fort hive seg på bølgja av andre unødvendige og freistande produkt. Når det ikkje gir dei ønska resultata, er det berre eit alternativ igjen, seier Andersen til VG.
– Dei må følgje med
Han meiner folk heller burde ete vanleg mat.
– Bransjen har lukkast på ein fantastisk måte med å skape eit behov som ikkje er der, seier han til avisa.
Bakgrunnen for at treningseksperten går ut med åtvaringa er ifølgje han sjølv at han har blitt kontakta av mange uroa foreldre.
– Dette er eit varsku til foreldre. Dei må følgje med. Bruk av slike tilskot kan lett eskalere, seier han til VG.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
USAMD: Egil Berli-Johnsen i Proteinfabrikken meiner Andersen tek feil.
Foto: Proteinfabrikken/Jon KlasbuSlår tilbake
Salssjef Egil Berli-Johnsen i Proteinfabrikken er heilt usamd i påstandane frå Andersen.
– Om ein ung treningsinteressert person kan få framgang ved hjelp av næringskonsentrat som protein og kreatin, kan det vere med på å hindre at dei går til det steget å bruke doping, seier han til VG.
Berli-Johnsen seier vidare til avisa at han ikkje meiner kosttilskot er betre enn mat, men at kosttilskot som til dømes proteinshaker er praktiske for folk sine travle liv.
– Eg meiner behovet er kundeskap, seier han til nettstaden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: