Hopp til innhold

– Fastlegar kan for lite om doping

– Fastlegar veit for lite om psykiske og fysiske skader som kjem av dopmisbruk, meiner Bjarte Hauge.

Bjarte Hauge

TRENG MEIR: Bjarte Hauge har i mange år ynskt å bevisstgjere folk om problemstillingar knytt til dopingbruk. Han meiner fastlegane bør lære seg meir om problemet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han har i mange år engasjert seg i dopførebyggjande arbeid, men opplever at fastlegane treng eit kunnskapsløft om temaet.

– Det er ein del brukarar som ynskjer å slutte, men dei klarer det ikkje. Då må dei mest truleg ha medisinsk hjelp, seier Bjarte Hauge.

– Kan for lite

– Dei kan for lite om dette, så dei veit ikkje korleis dei skal handtere det, legg han til.

Han meiner legane treng å forstå at både psykiske og fysiske plager kan ha samanheng med misbruk av anabole steroid.

– Det er klart at det ikkje er råd for nokon å kunne alt, men ved å sette litt fokus på dette så håpar eg det er nokon som er interessert i å lære litt meir om det, seier Hauge og får støtte frå Egil Haug, professor ved hormonlaboratoriet på Aker Sjukehus.

Møter lita forståing

I fleire år har Haug halde kurs for fastlegar i korleis dei skal handtere doprelaterte skader.

– Etter kursa, så seier dei mest unisont at «dette var veldig nyttig for oss. Dette visste vi for lite om». Vi høyrer også frå ein del pårørande som seier dei møter lite forståing for dette i helsevesenet og får for lite hjelp, seier Haug.

Vil ikkje ha hjelp

Leiv Erik Husabø er fastlege og medlem av Legeforeininga. Han er samd i at kunnskapen blant legane kan vere varierande, men at det ikkje er problemet.

Han seier det derimot er pasienten som ofte ikkje vil ha hjelp for dopmisbruket, men gjerne vil lindre plagene som følgjer.

– Dei aller fleste fastlegar vil tenkje på misbruk av same middel med ein gang. Eg trur ikkje det er der problemet er. Ofte er det slik at pasientar ikkje vil snakke om det, difor blir det skjult, seier han.