I Nordland og Sør-Troms er faregraden allereie på det nest høgaste. Torsdag aukar faregraden også til nivå fire i Indre Fjordane og på Sunnmøre.
Då vil mildvêr, regn og vindauke gjere at skredfaren flyttar seg ytterlagere opp i fjellet. Snøen blir fuktig og smeltar raskare.
– Vi ventar mange våte, naturleg utløyste skred i dei områda på torsdag. Vi rår ifrå all ferdsel i dei utsette himmelretningane, seier Emma Julseth Barfod, vaktleiar ved snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat.
I Jotunheimen, Voss, Hardanger, Romsdal og Trollheimen er faregraden sett til nivå 3.
– Alvorleg
Våte flakskred under mildvêrsgrensa blir truleg det viktigaste skredproblemet på Vestlandet dei kommande dagane. Det gjeld også i Nordland, men der vil i tillegg tørre flakskred over mildversgrensa skape problem.
Faregrad fire er det nest høgste nivået på skalaen, og betyr stor fare for naturleg utløyste skred.
– Det er ein alvorleg situasjon. Ein må vente den faregraden i løpet av ein vinter, men det er ikkje vanleg, seier Barfod.
Mildt og vått
Farenivået vil vere på stor inntil temperaturauken stagnerer eller går ned. Det vil den mest truleg gjere mot slutten av helga som kjem, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Martin Granerød.
– Det er ofte slik på vinteren at vi får varm luft frå lågtrykk i Atlanterhavet. Så ein må godt opp i fjellet for å få både minusgradar og snø, seier han.
Ber folk om å følgje med
Dei neste dagane blir det mildare, nedbør og ein vind som vil blåse opp til sør og sørvestleg sterk kuling på kysten.
Snøskredvarslinga ønskjer at dei som ferdast i fjellet og ser skred om å varsle dei på Varsom.no sin app – RegObs. Barfod oppmodar også folk om å følgje med på Varsom.
– Ein må følgje med kvar einaste dag og sette seg inn i skredproblema i området sitt, seier ho.