Regjeringa sitt forslag om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk har fått alarmklokkene til å ringe i fleire oljekommunar i Noreg.
Forslaget medfører at bedrifter slepp å betale eigedomsskatt på maskiner, produksjonsutstyr og -installasjonar.
Det slår hardt ut for fleire kommunar der olje- og gassnæringa er tungt til stades, som i Lindås i Hordaland.
Svarar til 100 sjukeheimsplassar
Ved Statoil sitt raffineri på Mongstad kjem olje og gass frå norsk sokkel i land.
Den såkalla «maskinskatten» gir kommunen ifølgje eigne tal inntekter på 166 millionar kroner i år. No kan mesteparten forsvinne.
– Det er dramatisk. Vi står i fare for å miste 89 prosent av dei inntektene, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
89 prosent av 166 millionar er 147,8 millionar kroner i tapte inntekter. Det svarar til til dømes over halvparten av summen kommunepolitikarane i Lindås har sett av til pleie og omsorg i årets budsjett, eller kostnadane til kring 100 sjukeheimsplassar.
– Vi veit eigentleg ikkje kor vi skal begynne, dersom dette forslaget blir vedtatt, seier Byrknes.
Ho presiserer at det ikkje er aktuelt å legge ned sjukeheimsplassar i kommunen.
Høyring i finanskomiteen
Tysdag held finanskomiteen på Stortinget høyring. Byrknes møter som leiar av Nettverk for petroleumskommunar, som har rekna på korleis forslaget vil slå ut.
Hennar eigen kommune er saman med Aure dei som blir hardast råka, men også fire andre; Nordkapp, Austrheim, Tysvær og Øygarden vil bli påverka.
– Det samla skatteinntektstapet blir 313 millionar kroner. Me gav fleire høyringsinnspel då noko liknande var oppe i 2015. Det er skuffande at regjeringa ikkje har lytta, seier Byrknes.
For Aukra og Hammerfest kommuner vil det ikkje bli store endringane. Fleire av olje- og gassanlegga i Noreg er omfatta av særskattereglar for petroleumsindustrien.
Vil hjelpe næringslivet
Også kommunar med andre typar industri vil merke bortfallet av skatteinntekter frå verk og bruk.
KS meiner endringa totalt vil gi 1,2 milliardar kroner mindre i norske kommunekasser, medan Regjeringa sjølv reknar totalsummen til 800 millionar.
Nestleiar i finanskomiteen, Helge André Njåstad (Frp), meiner det er på høg tid å fjerne «maskinskatten», og understrekar at skattekuttet vil bli fasa inn over fem år.
– Kommunane vil ha god tid til å tilpasse seg. Me må også hugsa på at det store fleirtalet av kommunar i Noreg ikkje har desse inntektene, og klarar å levere gode tenester. Det er viktigare for oss å gi rammevilkår til næringslivet, som sikrar arbeidsplassar og verdiar, seier Njåstad.
– Må innføre ny skatt
Byrknes seier at skatten på verk og bruk blir erstatta av ein næringsskatt.
– Vi må innføre eigedomsskatt på all næring i heile kommunen om vi skal sikre inntekter frå store anlegg. Det vil råke små og mellomstore bedrifter. Dermed vil dette forslaget ende med å få negative konsekvensar for næringslivet, seier Byrknes.
Den utsegna har nestleiaren i finanskomiteen lite til overs for.
– Frp er imot ein slik lettvint løysing. Det er mykje betre å drive ein kommune utan eigedomsskatt. Då gjer ein seg attraktiv for næringslivet, fleire folk flyttar til kommunen, og ein aukar skatteinntektene, seier Njåstad.
- Les meir: