Det seier Gunhild Varvin, kommunikasjonssjef ved Henie Onstad-museet på Høvikodden.
Søndag hadde utstillinga med Nikolai Astrup sine verk sin siste dag. Då kom også dei siste av 60.000 gjester innom dørene. Utstillinga opna 10. juni.
– Det er jo mange fleire enn dei 40.000 hos Dulwich, og det må vi seie oss nøgde med. Vi er utruleg glade for å ha vore med på dette eventyret, seier Varvin.
Over 100.000 har sett Astrup
Medrekna besøkstalet på Dulwich Picture Gallery, har over 100.000 personar til no sett den internasjonale lanseringa av Jølster-kunstnaren.
Det samla besøkstalet i London var kring 50.000. Av desse løyste 40.000 billett. Varvin trur merksemda rundt utstillinga i England er ei årsak til godt besøkstal for museet på Høvikodden. Varvin seier besøkstalet er noko høgare enn venta.
– Det er nok ein av mange faktorar, men det viktigaste er nok at Astrup har ein kunst, eit engasjement og nerve som engasjerer publikum og som gjer han veldig aktuell i dag, seier kommunikasjonssjefen.
Blir pakka ned
Varvin legg til at det, som i London, har vore stor etterspurnad etter Astrup-effektar.
– Katalogen måtte vi mellom anna trykke opp i to omgangar, så det er tydeleg at veldig mange vil lese meir om Astrup og ha med seg informasjonen med seg heim, seier ho.
Utstillinga er allereie i ferd med å bli pakka ned ved Henie Onstad. No går turen vidare til Tyskland og Emden, der den opnar 1. oktober.
Håpar på 30.000
Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftinga DNB skildrar besøkstala i Oslo som fantastiske.
Han har ansvar for kunstinnkjøpa i Sparebankstiftinga DNB og har jobba med den internasjonale lanseringa i seks-sju år. Til no har responsen vore over all forventing.
– Vi håpa på 40.000 gjester i London, og fekk 50.000. Min villaste fantasi for Henie Onstad var 50.000, men vi fekk 60.000. No håpar vi på 25.000-30.000 i Tyskland, seier Bjørnsen.
Meir Astrup i utlandet
Omtalen av utstillinga i Emden har til no ikkje fått like massiv omtale, som den hos Dulwich. Men det som er klart, er at internasjonaliseringa har gjeve meirsmak. Ein er no i gang med å planlegge ytterlegare utstillingar av Astrup i utlandet.
– Det er målet, og eg er trygg på at vi vil sjå Astrup ute i den store vide verda om nokre år. Så får vi sjå kvar og når det blir, seier Bjørnsen.
– Men kva publikum kan vere aktuelt då?
– Det amerikanske publikum er mest nærliggande å tenkje, men ein kan også tenkje seg Asia der Astrup var inspirert av Japanisme.