Hopp til innhold

Aslak (23) vil ikkje stemme i byen han bur i: – Kan påverke meir i heimkommunen

Student Aslak Werner Dahl bur i Bergen, men nektar å melde flytting dit. Valekspert meiner studentar kan avgjere kommuneval på studiestaden om fleire melder flytting.

Unge melder ikkje flytting for å stemme i lokalvalg

Resten av året bur Aslak i Bergen, men om sommaren har han sommarjobb i Stavern og pendlar frå heimkommunen Bamble. Her utanfor rådhuset i Bamble i Telemark.

Foto: Philip Hofgaard

– Eg elskar Bergen by, altså. Bybanen er genial. Men verken eg eller fleire av studievennane mine vil skatte til Bergen eller stemme i kommunevalet der.

Aslak Werner Dahl studerer for å bli lektor i spansk og historie ved Universitetet i Bergen, men er oppvaksen i Bamble i Vestfold og Telemark.

Sjølv om han har budd i Bergen dei siste fire åra, vil han ikkje melde flytting til byen. Til trass for at Bergen kommune tidlegare i år lokka med gåvekort på 2000,- til studentar for å gjere nettopp det.

– Det er heilt bevisst frå mi side. Eg meiner skattepengane strekk lengre til i heimkommunen min Bamble enn i Bergen, seier Dahl.

Bybanen

Dahl er glad i bybanen, men elles meiner han Bergen og Vestland fylke er mindre effektive enn heimkommunen og heimfylket, Telemark. Det er ein av grunnane til at han ikkje vil stemme i lokalval i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Dahl er ikkje åleine om å ikkje melde flytting til studiekommunen. Fleire norske kommunar har tilbydd studentar pengar for å få dei til å folkeregistrerte seg hos dei.

Det er frivillig for studentar å gjere det.

Vil støtte heimkommunen

For Dahl er det berre aktuelt å melde flytting til Bergen dersom han blir verande der permanent og kjøper seg eigen bustad etter studia.

– Men om det i det heile tatt blir mogleg gitt byens bustadmarknad, veit eg ikkje. Enn så lenge er det Bamble kommune «for life».

Langesund, Bamble kommune

Langesund i Bamble kommune.

Foto: Philip Hofgaard

Grunnane for å ikkje stemme i Bergen er blant anna at han kjenner meir tilhøyrsle til heimkommunen sin.

– Politikarane gjer ein god jobb her, og kommunen er i utvikling. Det vil eg støtte opp om. Bamble kommune har gjort mykje bra for meg personleg, så eg skulder dei også litt.

Aslak Werner Dahl ser utover Bamble kommune

Dahl følger spent med på utviklinga av nye leiligheiter i Langesund. Dei viktigaste lokalvalsakene for han handlar om turisme, byutvikling og bompengar.

Foto: Philip Hofgaard

Kan utgjere ein forskjell

Valforskar Yngve Flo er ikkje spesielt bekymra for at unge ikkje melder flytting til byane dei bur og studerer i.

– Eg meiner det er demokratisk rett at kvar enkelt student sjølv får velje kvar han vil vere folkeregistrert, seier han.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

– Studentar er ei samansett gruppe. For nokre er opphaldet i studiekommunen berre ein mellomstasjon, medan andre etablerer seg der, fortel professor Yngve Flo.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Men studentar som gruppe kan faktisk kan vere med å vippe kommuneval, då det er snakk om små marginar, legg han til.

– Studentar stemmer gjerne meir radikalt enn befolkninga elles. Så ein kan tenkje seg at det kunne ha vore eit markant løft for parti som SV, Raudt og MDG også i ein sopass stor kommune som Bergen.

I førre kommuneval i Bergen var det svært jamt.

For Dahl appellerer partia som Flo nemner når det kjem til nasjonale saker, blant anna fordi han meiner dei fører ein meir studentvenleg politikk enn andre.

Aslak Werner Dahl utenfor rådhuset i Bamble

Dahl meiner han får meir valuta for stemma si i Bamble enn i Bergen. Men understrekar at Bergen er ein flott by å studere i.

Foto: Philip Hofgaard

Men det gjeld ikkje nødvendigvis i kommunevalet.

– Enkeltsaker som eg har tenkt på personleg er allereie «skylt ned i do» i Bergen. Blant anna var saka om studentbustader i sentrum viktig for meg, men dei enda opp på Sotra.

Bergen fotografert fra Fløyen onsdag 10.07.2019

I Bergen bur det 41.000 studentar og 1850 fagskulestudentar. Det har ikkje lykkast NRK å få tal frå kommunen på kor mange av desse som er folkeregistrerte i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kvifor meiner du at Bergen kommune og Vestland fylke er ineffektive?

– På grunn av dårleg standard på infrastruktur som skulebygg og vegar, for å nemne noko.

Ønskjer seg fleire innbyggjarar

– Det er problematisk at studentar som bur i byen ikkje har stemmerett, meiner fungerande byrådsleiar i Bergen, Line Berggreen Jacobsen (Ap).

Likevel respekterer ho at somme kjenner meir tilhøyrsle til heimkommunane sine.

Byråd Line Berggreen Jacobsen, Arbeiderpartiet

– Vi leverer gode tenester til alle våre innbyggjarar, også dei som ikkje er folkeregistrerte i kommunen, seier Jacobsen.

Foto: Andrew M.S. Buller

– Men vi ønskjer oss at studentane skal få si stemme høyrt når vi går til val i haust. Difor vil vi at enno fleire skal melde flytting og få tilhøyrsle til byen.

Ho kjenner seg ikkje igjen i beskrivinga til Dahl om at Bergen er ein ineffektiv kommune.

Lokkar med 2000 kroner for å få studentar til å melde flytting Brukar to millionar på å lokka studentar til å melda flytting

Bergen fotografert fra Fløyen onsdag 10.07.2019

Ikkje sans for gåvekort

Valforskar Flo har ikkje sansen for gåvekortordninga som Bergen, blant fleire kommunar, har hatt, for å lokka studenter til å melde flytting til kommunen.

Han peiker på at utgiftene kommunane har ved slike ordningar er minimale i forhold til kva dei får tilbake av statlege tilskot når dei får nye innbyggjarar.

– I tillegg er det hardare for små kommunar å miste innbyggjarar og dermed sårt trengde tilskot, enn det er for store kommunar, legg han til.

Les også Lokker studenter med 7000 kroner

Leder for Studentrådet i Drammen, Rose Jahanfarah forteller at hun er veldig stolt av det de har oppnådd.

Bamble-patriot

Dahl er svært stolt av heimkommunen, og vil gjerne busetje seg ein stad anten i Telemark eller Vestfold i framtida. Men først vil han vere i Bergen i eit par år til.

Vil du ikkje vere med å påverke politikken der du faktisk bur, då?

– Eg kjenner ikkje noka trong til å stemme i Bergen. Eg kjenner meg berre som ein drope i havet, men trur eg kan påverke meir i heimkommunen og fylket mitt.

Aslak Werner Dahl, student i Bergen, men Bamble-patriot

Han kallar seg ein ekte Bamble-patriot og kjenner meir tilhøyrsle til heimkommunen enn til studiekommunen sin, Bergen.

Foto: Philip Hofgaard