Hopp til innhold

Arne bur på leire: – Eg søv ikkje godt når elva er stor

FØRDE (NRK): Arne Høisæther minst enno korleis grunnen raste ut då han var liten gut. Gjerdrum-ulukka viser at rassikring må prioriterast høgare, meiner Huseiernes Landsforbund.

Arne Høisæther

HAR RASA FØR: Arne Høisæther hugsar sjølv førre gong det gjekk eit leireras på eigedommen hans på Bruland.

Foto: Seline Larsen

– Her har det vore tre ras i nyare tid, seier Arne Høisæther.

Han hugsar sist gong det gjekk eit leireras på eigedommen. Då var han berre gutungen.

No er han redd kvar gong elva Jølstra er stor, og går over sine breidder.

– Når elva renn med opp mot 300 kubikkmeter vatn i sekundet, så søv eg faktisk ikkje godt. Då kan tunet og husa i verste fall kome i fare, seier han.

Natt til 30 desember gjekk eit stort kvikkleireskred i Gjerdrum på Romerike, og fleire menneske mista livet.

Høisæther håper hendinga i Gjerdrum blir ein vekker i arbeidet med å sikre ustabil grunn.

– Det er vanskelegare å få finansiering frå myndigheitene til å sikre eigedommar. Ein større del av rekninga må no takast av grunneigar, seier han.

Kan dekke inntil 80 prosent

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som gjer sikringstiltak for eksisterande busetnadar som er utsett for flaum- og skredfare.

NVE kan dekke inntil 80 prosent av kostnadene ved slike tiltak. Resten – distriktsandelen – må kommunane sjølv dekke.

Naturskadeloven gir kommunane rett til å krevje heile eller deler av desse utgiftene refundert av dei som eig eller fester eigedom innanfor det aktuelle området.

– Praksisen har vore å føre denne vidare til grunneigarane, seier kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad.

Tidlegare var det også mogeleg å få støtte til sikringstiltak gjennom Statens Naturskadeordning (Landbruksdirektoratet). Men etter omlegginga i 2017 er dette ein rein erstatningsordning.

LES OGSÅ: Regjeringa varslar full gjennomgang av regler for bygging på kvikkleire.

Huseiernes Landsforbund: – Må prioritere sikring av leirgrunn

Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund meiner raset i romjula er ei påminning om at arbeidet med å sikre eksisterande busetnadar må prioriterast enda høgare.

– Kartlegging og sikring av rasutsette område er noko samfunnet må bruke meir ressursar på enn i dag, seier han.

Tina Bru er statsråd i Olje- og energidepartementet, som NVE sorterar under.

– Vi gjennomfører mykje sikring og kartlegging for å sikre best mogleg, sa ho i Dagsnytt Atten 4. januar.

Olje- og energiminister Tina Bru i Tellenes vindpark i Sokndal og Lund.

MYKJE SIKRING: – Vi gjennomfører mykje sikring og kartlegging for å sikre best mogleg, seier Olje- og energiminister Tina Bru.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Dei siste 20 åra har myndigheitene brukt kring 250 millionar kroner på sikring av kvikkleireområde.

Både SVV (Statens vegvesen) og NVE finansierer sikringstiltak. I tillegg har Miljødirektoratet ei ordning for klimatilpassing.

– Summane varierer, men har generelt auka dei siste åra, seier Anders Fevik i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

1963: 45 mål begynte å sige mot Gandsfjorden da tomten til Rieber-Thorsen verksted i Sandnes ble gravd ut. 6000 kubikkmeter sand ble kjørt til for å stabilisere utglidningen.

SANDNES, 1963: 45 mål begynte å sige mot Gandsfjorden da tomta til Rieber-Thorsen verkstad vart grave ut. 6000 kubikkmeter sand vart køyrt til for å stabilisere utglidinga.

Foto: Stavanger Aftenblad/Faksimile

– Naturen tek innersvingen på oss

Ein metode for sikring er køyre ein «hjulvisp» ned i leirgrunnen og sprøyte inn ein blanding av sement og kalk. Når denne blandinga stivnar, står det att ein hard sylinder eller «ribbevegg» som stabiliserer leira.

– Vi skal byggje og bu på leire. Nøkkelen er å forstå og beherske den. Elles tar naturen innersvingen på oss, seier Steinar Nordal, professor i geoteknikk ved NTNU.

Også han etterlyser betre kartlegging.

– Det handlar om to ting. For det fyrste må fleire områder kartleggast; for det andre må vi vite meir om den leira vi avdekker.

Rissa­skredet i 1978 ble utløst av en grunneier som skulle grave ut til grunnmur på et påbygg. Løsmassene som ble lagt ved vannkanten, skapte ubalanse i grunnforholdene.

RISSASKREDET: Skredet byrja då ein grunneigar skulle grave ut til grunnmur på et påbygg. Lausmassane som vart lagt ved vasskanten, skapte ein ubalanse som forplanta seg.

Foto: NTB/Scanpix

– Vi må komme tilbake til det

NVE anslår at det går om lag eitt kvikkleireskred i Noreg kvart år.

Over halvparten av desse er løyst ut av menneskeleg aktivitet, ifølge forskning.no.

NVE kan ikkje svare på om arbeidet med rassikring bør prioriterast høgare, eller kor vidt ansvarsfordelinga med kommunane fungerer godt nok:

– Vi må komme tilbake til det på et seinare tidspunkt. Det viktigaste for oss nå er å assistere politiet i den pågåande redningsaksjonen, seier skred- og vassdragsdirektør Brigt Samdal til NRK.

Arne Høisæther

UROA: Til vanleg kjenner Arne Høisæther på Bruland i Førde seg trygg, men når elva Jølster er på sitt største, søv han ikkje godt.

Foto: Seline Larsen / NRK