Hopp til innhold

Arian skal leie Luttprisen

– Arianrhod Engebø (25) frå Førde skal leie årets store musikkfest i Sogn og Fjordane. Til Luttprisen på Larris Scene 18. januar kjem også artistar som Kjartan Lauritzen, Vilde og Anna, Vilnes, Sjur, Maren og Andrea Santiago.

Arianrhod Engebø

LUTTPRISEN: – Eg gler meg vilt mykje! Det seier Arianrhod Engebø frå Førde som er programleiar for Luttprisen på Larris Scene i Førde laurdag 18. januar.

Foto: Henriette Dæhli

– Eg gler meg vilt mykje! Det kjem ei heilt fantastisk flott blanding av etablerte og ferske artistar. Felles for dei alle er at dei har komme med veldig bra musikk i løpet av 2019 som har sett spor av seg både lokalt og internasjonalt.

Det seier Arianrhod som til vanleg er å høyre som programleiar for sitt eige program på NRKP3. Denne gongen er det ho som skal leie Luttprisen på Larris Scene.

Ho seier at Luttprisen 2019 kjem til å bli ein festkveld der musikkåret i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn verkeleg skal bli feira.

Stort show

Ei lang rekkje artistar er no klare for musikkfesten. Dei unge rockarane i Jackbow frå Nordfjordeid er blant dei som kjem til å stå på scena under Luttprisen. Det gjer også Line Dybedal frå Selje, Sissel Marie frå Stryn, SOFIA og Matteus H frå Gloppen og Sindre Steig frå Luster.

Eg trur aldri vi har hatt så mange forskjellige artistar på same Lutt-scena før. Det kjem til å bli eit krevjande, drivande men fantastisk kjekt og til tider vakkert show, seier Stian Sjursen Takle i NRK.

Takle skal vere produsent for musikkfesten. Scene, lyd og lysproduksjonen er det OnCue frå Høyanger som står for.

Stian Sjursen Takle i studio

MUSIKKFEST: Stian Sjursen Takle i NRK skal vere produsent for Luttprisen på Larris Scene laurdag 18. januar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Direkte på radio og nett-tv

Det er NRK som arrangerer Luttprisen, saman med avisene Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend. Sjølve Luttprisen sender avisene direkte i sitt nett-tv, medan NRK sender den direkte på radio. Det er produksjonsgjengen i Rakkar som skal produsere showet for nett-tv.

Håpet er at mange får med seg prisen både i salen, på radio eller i nett-tv. Vi håpar at det skal bli ein kveld som gir heider til musikarane i regionen vår, og som skal inspirere nye artistar til å satse, seier Takle.

Utdeling av tre prisar

Det skal delast ut heile tre gjeve prisar i løpet av Luttprisen-showet. Då får vi vite kven som er årets artist, årets nykommar og årets Blest. Kvar av vinnarane får stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

LES OG: Stem på din favoritt til Luttprisane her

Del av stor musikkfestival

Luttprisen er også denne gongen ein del av den store Blestfestivalen som inneheld ei mengd med småkonsertar og seminar i Førde 17-18. januar. Festivalen blir ein stor publikumsfestival for dei som er nysgjerrig på dei komande stjernene frå regionen.

På Blestfestivalen spelar mellom anna Gold Celeste, Maren, Siri Byrkjedal, White Man Dancing, Sissel Marie, I See Rivers, MayRahKee, Grand Alpaca, Du og eg og vi 2-3-4 og Datarock.

LES OG: Desse har tidlegare fått Luttprisen