Hopp til innhold

Årets dyraste straumdag: Julie (24) må planlegga når steikeomnen kan brukast

Straumprisen når årets høgaste nivå i dag. Det får konsekvensar for gründeren Julie Log og den vesle bedrifta hennar.

Julie Log, Urt & Ugras

SNART TOM: Julie Log er snart tom for straumsparetiltak.

Foto: Eli Bjelland

For to år sidan starta 24-åringen opp cateringfirmaet Urt & Ugras.

No må dagane planleggjast i detalj: Dei brukar ikkje maskiner med mindre dei må.

– Det er rett og slett for kostbart å starta opp omnar og steikeplater om ein berre skal bruka dei litt. Det er ikkje optimalt, seier Log.

Ho viser til at kvaliteten blir betre dersom dei kan laga all maten den dagen det skal brukast, men at dei må tenkja på at det er store kostnader knytt til kvar bruk.

Verksemda har gått med overskot heile vegen og har no ni tilsette.

Men den stadig større straumrekninga er utfordrande.

Snart tom for tiltak

Aller dyrast er det i Sørvest-Noreg, der Urt & Ugras held til. Der ligg snittprisen fredag på rundt 4,04 kroner kilowattimen.

Det svir for den 24 år gamle gründeren på Stord.

Dei har snart ikkje fleire tiltak dei kan setja i verk.

– Det er kjipt når prisane aukar, for me kan ikkje gjera fleire store grep for å unngå å bruka straum.

Ho viser til kjølerommet, som må stå på 24 timar i døgnet.

Julie Log, Urt & Ugras

Log har gjort mange tiltak for å bruka så lite straum som mogleg, men kjølerommet må vera på 24 timar i døgnet.

Foto: Eli Bjelland

– Kor mykje tenkjer du på dette?

– Kvar veke. Kvar veke må me tenkja på korleis me brukar straum.

I regionane Søraust-Noreg og Vest-Noreg er snittet 2,74 kroner kilowattimen. Det er før avgifter, nettleige og eventuelle påslag, viser tal frå Nord Pool.

I Nord- og Midt-Noreg er det framleis svært låge straumprisar, men høvesvis 1 og 19 øre kilowattimen.

Firedobling

Når Log ser på straumrekningane frå 2021, blir matematikken enkel.

Våren 2021 betalte dei 14 000 over fire månader. No betalar dei 15 000 for éin månad.

– Det er ei firedobling. Akkurat no et straumpris, dieselpris og matvareprisen opp heile overskotet vårt.

Julie Log, Urt & Ugras

Julie Log, dagleg leiar og kokk i Urt & Ugras.

Foto: Eli Bjelland

Regjeringa har førebels ingen konkrete straumstøttetiltak til verksemder, men skal no greia ut ei straumstøtteordning.

Tidlegare denne veka hadde dei møter med LO og NHO.

– Nokre bedrifter i nokre deler av Noreg har openbert blitt ramma på ein måte som er verdt å sjå på i denne spesielt spesielle situasjonen, sa statsminister Jonas Gahr Støre til NRK etter møtet.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre etter møtet med LO og NHO.

Foto: André Børke / André Børke

Energipolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, meiner regjeringa må ta grep.

– Der skoen trykkjer no er å få på plass ei ordning for bedrifter som er spesielt utsette. Der har regjeringa ein jobb å gjera.

– All støtte eller kompensasjon hjelper oss til å driva meir effektivt, berekraftig og lønsamt. Me er eit lite firma på ein liten plass som ønskjer å veksa og etablera oss i marknaden. Då spelar kvar krone ei stor rolle, seier Log. Advarer mot strømhjelp til bedriftene: – Da blir prisen presset ytterligere opp

Med straumstøtte til små bedrifter kan det vel vera fare for at ein held liv i bedrifter som normalt sett ville gått konkurs?

– Eg tenkjer at små bedrifter betyr mykje for samfunnet. Du får større mangfald og det skaper masse arbeidsplassar. Me treng gründerane, og me tek pusten frå dei om dei skal gå konkurs på grunn av auka straumutgifter, seier Log.

Julie Log, Urt & Ugras

Desse dampa potetene er rekorddyre.

Foto: Eli Bjelland

Høg pris gjennom vinteren

Bakgrunnen for at me opplever nok ein rekorddyr straumdag er samansett.

Energikrise i Europa, høge kol- og gassprisar, krigen i Ukraina, høge straumprisar i nabolanda våre og lite vatn i vassmagasina i Sør-Noreg er nokre av faktorane.

Akkurat no er det både tørt og lite vind på kontinentet. Då stig prisane ytterlegare, forklarer Pål Svendsen, senioranalytikar på kraftmarknaden i Norden i Storm Geo Nena.

Han peikar på at straumprisane laurdag er nesten like høge.

– Forventinga i marknaden er at kolet og gassen skal vera dyre gjennom heile vinteren, det vil påverka dei norske prisane òg, seier Svendsen.

Log i Urt & Ugras ser lyst på framtida, trass i utfordringane. Ho prøver å finna ulike løysingar på problema som dukkar opp.

– Men dersom dette held fram, så må forbrukarane belaga seg på at prisane våre går opp.

Julie Log, Urt & Ugras

Julie Log i Urt & Ugras kan ikkje unngå å setja opp prisane, men prøver å sjå lyst på situasjonen.

Foto: Eli Bjelland

Les også Støre har fått frist til å levere tiltak mot straumkrisa

Jonas Gahr Støre

Les også Frykter strømstøtte gir rentesjokk: – Veldig dårlig idé

Strømkabler fra et vannkraftmagasin i Tafjord Møre og Romsdal