Hopp til innhold

Støre har fått frist til å levere tiltak mot straumkrisa

Statsminister Jonas Gahr Støre har no fått frist til 15. august med å leggje fram kva regjeringa vil gjere for å bøte på dei høge straumprisane.

Jonas Gahr Støre

VIL VARA: Statsminister Jonas Gahr Støre seier straumkrisa vil vara framover.

Foto: André Børke / André Børke

Det har vore mykje press på regjeringa om å auka straumstøtta i det siste, og dei ulike partigruppene vil møtast igjen tysdag neste veke.

Regjeringa har fått frist av presidentskapen på Stortinget til neste veke med å føreslå ein tiltaksplan.

I går lova statsministeren støtte til private hushaldningar. I dag har regjeringa hatt møte med NHO og LO om situasjonen i næringslivet.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har også møtt dei parlamentariske leiarane på Stortinget.

Formålet var å avgjera om ein skulle kalla inn til eit ekstraordinært stortingsmøte om straumprisane.

Etter møtet sa energipolitisk talsperson i Høgre Nikolai Astrup at dei ikkje støtter ei slik innkalling før regjeringa har forslag til konkrete løysningar.

Dermed er det ikkje lenger fleirtal for å hasteinnkalla Stortinget akkurat nå.

– Det er bra at regjeringa nå jobbar med partane i arbeidslivet, men regjeringa har hatt veldig lang tid til å koma opp med ei ordning.

Høgre er likevel for eit møte før dei vanlege møta på Stortinget startar i oktober.

– Høgre meiner at me treng ei støtteordning som treff dei bedriftene ordninga skal treffa, som ikkje blir misbrukt og som ikkje legg ytterlegare press på renta, seier Nikolai Astrup.

Frp, SV og Raudt ønsker framleis hastemøte

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner regjeringa har vore handlingslamma i møte med straumkrisa.

Etter møtet med energiministeren i dag, sa Listhaug at ho ikkje var nøgd med utgreiinga dei fekk.

Ho var heller ikkje nøgd med Høgre si manglande støtte til å kalla inn Stortinget til møte.

– Først og fremst må det vera flaut for Høgre. Viss dei har gått så hardt på banen og sagt at dei ønska eit møte i Stortinget, nå snur på bakgrunn av dei fislete forslaga som regjeringa har lagt fram, seier Listhaug til Aftenposten.

Både Framstegspartiet (Frp), SV og Raudt ønsker framleis hastemøte på Stortinget om situasjonen. Raudt sitt ikkje i presidentskapet.

– Me har ei regjering som ikkje gjer nok for å hjelpa folk og bedrifter, seier Listhaug.

Ho meiner deira forslag om makspris på straum ville vore det beste.

– Energinasjonen Noreg burde ha som utgangspunkt at me har rimeleg straum, og det vil ein makspris på 50 øre sørga for.

Statsministeren sa tidlegare i dag at han er skeptisk til å setta ein makspris på straum. Det kan føra til at ein brukar meir straum enn ein har kapasitet til, sa han.

Les også Kjernekraftverk i Sverige: – Det skulle aldri ha blitt lagt ned

Gert Lyngsjø ved Barsebäck

Aasland: Å halda igjen vatn kan auka straumprisane

Opphavleg skulle regjeringa auka straumstøtta frå 1. oktober.

I går gjekk regjeringa ut med lovnad om at 90 prosent straumstøtte til hushaldningane for prisar over 70 øre kilowattimen skal gjelda allereie frå 1. september.

Regjeringa kunngjorde også at kraftselskapa kan bli pålagde å halda att på vassmagasina, slik at det blir ein fare for forsyningstryggleiken.

Olje- og energiminister Aasland seier at klare beskjedar til kraftselskapa om å halda igjen vatnet, kan føra til at straumprisen aukar meir.

Samtidig er det usikkert kor mykje prisen kan auka.

– Folk skal vera trygge på at dei skal få sleppa å betala for denne auka gjennom støtteordninga som er etablert. Det er viktig at folk føler tryggleik nå, seier Aasland.

Endringa i straumstøtta vil kosta staten fleire milliardar kroner. Førebels er kostnaden satt til 23 milliarder kroner berre i år, ifølge Aasland.

NHO og LO nøgd med straummøte

Måndag føremiddag hadde regjeringa møte med NHO og LO om situasjonen hos dei norske bedriftene.

Både NHO og LO er nøgd med møtet, og skal møtast igjen om eit par veker for å arbeida vidare med sine fagfolk.

– Våre innspel har gått på at me må vera med på å finna ordningar, men me må finna ordningar som er målretta og som ikkje let seg utnytta, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NRK.

NHO-leiar Ole Erik Almlid meiner den langsiktige løysninga vil vera å auka kraftproduksjonen, ved å satsa på havvind og legga til rette for utbygging.

– På kort sikt skal me utarbeida ei straumstøtteordning for veldig mange bedrifter.

Vil gje støtte til dei mest råka

Før møtet med NHO og LO, møtte statsminister Jonas Gahr Støre i Politisk kvarter for å svara på spørsmål om ei eventuell straumstøtte til næringslivet.

– Det er vårt mål at nokre bedrifter i området med høg pris, at me skal finna løysingar for dei, sa Støre i Politisk kvarter måndag morgon.

Statsministeren sa at det er ein forskjell på å koma hushaldningar til unnsetning, og å hjelpa næringslivet.

I utgangspunktet meiner han ikkje ein burde gjera nettopp det.

– Men me er i ein ekstraordinær krisesituasjon i Europa. Det gjer at me må gå gjennom ordningane i vårt samfunn for å sjå korleis me kan spele på lag og medverka til at ikkje arbeidsplassar og verdiskaping går tapt, der kor det blir treft særleg hardt.

Jonas Gahr Støre

BEDRIFTSSTØTTE: Statsminister Jonas Gahr Støre sa måndag morgon at regjeringa vurderer å gje støtte til enkelte bedrifter i dei verst råka områda.

Foto: André Børke / André Børke

– Burde me tola at nokre bedrifter går konkurs?

– Konkursane i Noreg er veldig låge. Det går bra i norsk økonomi. At nokre bedrifter går konkurs i ein økonomi som vår, det skal me leva med.

– Også på grunn av straumkrisa?

– Ja, det trur eg me må leva med nokre stader, svarer statsministeren.

Ein situasjon som kjem til å vara

Sommaren har ikkje berre ført til høge temperaturar, det har og vore rekordhøge straumprisar.

I dag vil straumprisen for Austlandet og Vestlandet bli den høgaste hittil i år.

For heile landet ligg prisen på 2,73 kroner per kilowattime i snitt, ifølgje straumbørsen Nord Pool.

– Det er krise i det europeiske energisystemet, sa Støre tidlegare måndag morgon.

For tida er det ikkje forsyninga han er bekymra for, men prisnivået.

– Det er viktig å seia at dette kjem til å vara. Me gjer det me kan for å avhjelpa situasjonen.

Les også Frykter strømstøtte gir rentesjokk: – Veldig dårlig idé

Strømkabler fra et vannkraftmagasin i Tafjord Møre og Romsdal

Regjeringa har lagt ut eit forslag om at fleire, både bedrifter og privatpersonar, kan teikna fastpriskontrakt.

– Alle dei tiltaka det er snakk om no, er for å handtere ein ekstrem situasjon, men på lang sikt er svaret å produsera meir kraft.

Les også Regjeringa gir etter: Dette er dei nye straumtiltaka

Jonas Gahr Støre i tunnel og diskutera nye straumtiltak.

AKTUELT NÅ