Hopp til innhold

Byrådet håpar på god tunnelnyheit på E39 laurdag

Statsråd Kjersti Toppe (Sp) og stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) inviterer til pressekonferanse laurdag 16. mars klokka 11.00 på Hylkje i Bergen. På spørsmål om det gjeld nasjonal transportplan (NTP) og ny E39 mellom Klauvaneset og Vågsbotn, svarar Mjøs Persen til NRK:

– Du snakkar jo med Aps transportpolitiske talsperson, og er hjarteleg velkommen i morgon.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) i Bergen har store forventningar.

– Vågsbotn-Klauvaneset og Nordhordalandstunnelen er eit av dei tre prioritetane vi har hegna om her i Bergen. Prosjektet er kjempeviktig av fleire omsyn. Trafikksikkerheit, beredskap og næring er berre tre av mange grunnar til at vi held dette prosjektet høgt inn mot NTP, seier Kahrs.