Hopp til innhold

Går på slak line for å bli best

Skihopparen Anders Fannemel har forska mykje på korleis han skal bli best i verda. Når sesongen er slutt trenar han på å gå på slak line.

For skihoppar Anders Fannemel frå Horningdal blei årets sesong ein nedtur. Det store målet om VM i Val di Fiemme blei berre med draumen. 
No prøver han å finna igjen den gode kjensla frå i fjor

Fannemel

– Eg har det aldri keisamt på trening, seier 21-åringen frå Hornindal.

Etter at sesongen er over tek han i bruk litt uvanlege metodar for å bli ein betre skihoppar, nemleg å gå på slak line. Dette er for å styrke balansen.

– Balanse er jo alt i skihopping, og det er jo ikkje alltid den er på topp, seier skihopparen.

Slutt på sesongen

Sjølv seier han at han er nøgd med utviklinga han har hatt denne sesongen, sjølv om det ikkje berre har vore oppturar.

– Eg hadde ein trå start på sommaren, og eg hadde ikkje så store forventningar. Det kan vere tungt å ha ein god andresesong, men eg er nøgd med korleis det har gått. Det gjekk kanskje ikkje like bra på slutten av sesongen i år, men eg er nøgd.

Anders Fannemel

NØGD MED UTVIKLINGA: Sjølv om slutten av sesongen ikkje gjekk etter planen, er skihopparen nøgd med korleis utviklinga har vore.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

At folk har store forventningar til han tenkjer han ikkje mykje over.

– Eg har jo hatt dei same forventningane til meg sjøl no som eg hadde før fjorårssesongen, så eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje.

(Artikkelen held fram under biletet).

Keisamt å ikkje komme til VM

Å ikkje kome til VM seier han var skuffande, men no har han andre fokus.

– VM har vore det langsiktige målet mitt, men med fem som hoppa betre gjekk det ikkje den vegen.

I OL i Sotsji neste år har han store planar om å vere med.

– Eg veit at når eg hoppar bra, så er eg inne på laget. Eg har nok utvikla meg endå meir som skihoppar til neste år, seier Fannemel.

Anders Fannemel

HAR DET ALDRI KEISAMT PÅ TRENING: Heime i Hornindal trenar han på slak line for å få betre balanse.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK