I fjor heldt den populære og fritalande professor og demokratiforskar Frank Aarebrot sitt livs forelesing med 200 år med norsk historie på 200 minutt. På 75 års dagen for krigsutbrotet i Noreg tok han nok ein gong plass i stolen på Det Akademiske Kvarter i Bergen.
Torsdag kunne du høyre Frank Aarebrot forelese om andre verdskrig på 200 minutt, direkte på NRK2.
SJÅ «KRIG PÅ 200 MINUTT – DEL 2» HER
Aarebrot trakk linjer til både før og etter perioden mellom 1940 og 1945, med krigen i Noreg som ein raud tråd.
– Sist eg brukte manus var i 1968. Men det betyr jo ikkje at eg ikkje er førebudd, sa Aarebrot før kveldens 200 minuttars lange forelesing.
- SJÅ OGSÅ: 200 år på 200 minutt med Frank Aarebrot
– Nordmenn blir ikkje ferdige med krigen
Den andre verdskrig er viktig både for dei som opplevde krigen og for dei som berre har høyrt historiene, meiner Aarebrot, som sjølv ikkje har opplevd krigen, men som har høyrt forteljingane frå han var liten.
– Me blir på ein måte ikkje ferdig med krigen, den er veldig sterkt framme hos oss, seier Aarebrot.
– Eit av mine tidlegaste barndomsminner er frå tidleg på 50 talet, eg var vel ein 4–5 år, då husets menn sat i stova og diskuterte om Hitler var gal eller berre vond. Då kom farmor Gunnhild ut av kjøkenet, ho stilte seg i døra og tørka hendene på forkledet, og så kom det: «Det er det eg alltid har sagt, han skulle vore tilsnakka.» Eg var jo ein liten gut og såg for meg korleis ein lidande Hitler blei utsett for kjeft frå farmor, det måtte jo vere heilt forferdeleg.
- LES OGSÅ:
– Viktig krigshistorie å få med seg
Noreg blei invadert av Tyskland under deira «Operasjon Weserübung» den 9. april 1940. Forteljingane om det som skjedde den dagen er dramatiske historier, seier Aarebrot.
– Det er skrive ufattelege mengder dokumentasjon om krigen. Det skjedde dramatiske hendingar over heile landet i nesten kvar avkrok av Noreg, som blei dokumentert. Dette er krigshistorie som er viktig å få med seg.
- LES OGSÅ: