Mange var svært begeistra over sendinga, og fleire hyllar Frank Aarebrot for ein god og aktuell gjennomgang av dei siste 200 års historie i Noreg. Emneknaggane #nrk2014 og #200aarebrot vart på Twitter raskt sokalla "trending topics" i Noreg i løpet av sendinga.
Det er i samband med NRK si dekning av 200-årsjubileet for Grunnlova at professoren ved Universitetet i Bergen leia det norske folk gjennom forteljinga om vårt land frå 1814 og fram til i dag.
- LES OGSÅ:
Stor pågang
Professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot heldt si livs forelesing direkte på TV og nett fredag kveld.
Foto: Heine AarbøProfessoren frå UiB klarte seg med to røykepausar og gav eit foredrag som fleire gonger hausta latter og applaus frå dei rundt 100 menneska som fylte Teglverket på Det Akademiske Kvarter. Også her var pågangen stor, og det vert meldt om lange køar med folk som ville inn og sjå foredraget til UiB-professoren.
Sjåartala for direktesendinga på NRK2 er førebels ikkje klare. Men under sendinga kom det inn kring 5000 meldingar på Twitter.
Hovudpersonen sjølv var nøgd med foredraget, sjølv om lampene på scena gjorde det noko heitare enn det plar vere i forelesingssalar på UiB.
– Det gjekk relativt bra og folk kom med gode tilbakemeldingar. Det set eg pris på, seier Aarebrot til NRK.
– Sett vekk ifrå dei varme lampene var dette som å halde ei vanleg forelesing.
At Twitter kokte medan han losa det norske folk gjennom historia, meiner han mindre om.
– Eg har ikkje peiling på kva som er normalt der, men at folk engasjerer seg er artig, ler han.
Hausta ros
HØYRDE GODT ETTER: Teglverket på Det Akademiske Kvarter i Bergen var fullt under forelesinga.
Foto: Heine AarbøFleire på Twitter rosa Aarebrot for å snakke om tema som den i dag i dag er aktuelt eller under debatt, og for å trekkje i dei store linjene i Noregs historie.
– Det var bestemt på førehand. Det var naturleg for meg å trekke dei store linjene og overføre kunnskap frå ein situasjon til ein anna. Det er jo ein del av faget samanliknande politikk.
Då Aarebrot til dømes trakk fram kvinnesaksforkjempa Katti Anki Møller og Mødrehygienekontora som ein av hans mange heltar, hausta han mange gode ord på mikrobloggsamfunnet.
Avslutta med dikt
Lenge såg det ut til at Aarebrot skulle sprenge tida, og då det var 10 minutt att var han enno ikkje ferdig med 1980-talet.
– Det vart litt kort tid på slutten der?
– Nei, det var ingen problem!
Aarebrot kom han altså i mål og avslutta med eit dikt frå lyrikaren og forfattaren Nordahl Grieg:
Publikum reiste seg i salen og gav Aarebrot ein lang og god applaus.
– Var det noko du ikkje fekk sagt som du ønskte å fortelje meir om?
– Nei, men det var saker eg annonserte at eg skulle koma tilbake til eller seie meir om, og så gløymde eg det, seier Aarebrot, som gjennomførte forelesinga utan manus.
Og kanskje blir det fleire liknande «stunt» på professoren.
– Det kjem jo litt an på stuntmakaren, men når Studentersamfunnet spør så stiller eg opp.
Sjå foredraget på nytt
Gjekk du av ein eller annan grunn glipp av foredraget i går kveld, eller berre har lyst til å sjå det heile om att? Du kan følgje denne lenka til nettspelaren til NRK.