Tilrådinga kjem frå arbeidsgruppa som har jobba med svangerskap -fødsles og barselsomsorga i fylket.
Arbeidet er gjort på oppdrag frå Helse Vest og Helsedepartementet, og anbefalingane frå styringsgruppa vart måndag lagt fram for ordførarane i Nordfjordrådet.
- LES OGSÅ:
Støttar styret
Til liks med Helse Førde-styret som på forsommaren vedtok å leggje ned både den forsterka fødestova i Lærdal og fødeavdelingen på Nordfjordeid, heller styringsgruppa mot at det berre bør vere fødetilbod ved Førde sentralsjukehus.
I så fall vil fødande berre få utført enklare polikliniske gjeremål ved sjukehusa på i Nordfjord og Indre Sogn i samband med svangerskap.
- LES OGSÅ:
Artikkelen held fram.
FEKK ORIENTERING: Nordfjordrådet møtte måndag leiinga i Helse Førde som orienterte om arbeidet i styringsgruppa som ser på fødetilbodet i fylket.
Foto: Asgeir Reksnes / NRKGruppe frå heile fylket
Styringsgruppa er sett ned på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet som har bede regionhelseføretaka om å greie ut framtidas fødetilbod. Helse Vest har igjen delegert dette til eigne styringsgrupper i Helse Førde, Bergen, Fonna og Stavanger.
I styringsgruppa Helse Førde har sett ned, sit ein kommunelege frå Stryn, éin representant frå Nordfjord sjukehus, éin representant frå Lærdal sjukehus, to representantar frå Førde sentralsjukehus og ei jordmor frå Fjaler.
Ser på framtidas fødetilbod
Styringsgruppa sitt mandat er å lage ein delplan for framtidas fødetilbod i Sogn og Fjordane. I dette arbeidet har gruppa, på same måte som Helse Førde-styret, vurder tre ulike modellar. Modellen dei no jobbar mest med, inneber altså at det berre blir fødetilbod i Førde.
- LES OGSÅ:
Styringsgruppa si innstilling skal ut på høyring i kommunane med frist 12. oktober. Først etter dette konkluderer gruppa endeleg. Seinare skal saka til handsaming i Helse Vest-styret.