Nordfjordrådet og stortinsgrepresentantane frå Sogn og Fjordane meiner planane må stoggast, og håpa Helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen ville gripe inn.
– Men det er ikkje aktuelt å effekture noko vedtak i Helse Førde før det har vore oppe i Helse Vest, seier ho.
Håpa på stortingsrepresentantane
Ordførar i Selje, Gunn Helgesen
Foto: Vidar Gudvangen / NRKNordfjordrådet fekk fredag med seg stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane på at Helse Førde sin sjukehusmodell,
må stoggast. Leiar for rådet, Gunn Helgesen, meinte vegen å gå var gjennom helseministeren.– Konkret vart det sagt frå Ingrid Heggø og Erling Sande at dei skulle ta kontakt med helseministeren, seier Helgesen.
Vil ikkje gripe inn no
Men helseministeren vil ikkje gripe inn i planane, sjølv om ho langt på veg lova innbyggjarane i Nordfjord og Indre Sogn at fødetilboda skulle bestå.
Men ho understreker at det Helse Førde sine planar ikkje kan gjennomførast før det har vore til behandling i departementet.
– Det er ikkje aktuelt å gjere noko med fødetilbodet eller andre endringar før Helse Vest har gått gjennom dette.
- LES OGSÅ:
– Trist viss folk melder seg ut
Fleire av Arbeiderpartiet sine lokallag har mista medlem som følge av sjukehusstriden. Det meiner Strøm Erichsen er undødvendig.
– Eg tykkjer det er trist dersom nokon melder seg ut på grunn av dette. Det meiner eg at det er unødvendig å gjere. Eg har sagt at vi skal oppretthalde lokalsjukehusa, og vi skal ha godt tilbod der som kan møte utfordringane vi har i eit framtidig helse-Norge.