Helse Førde har bestemt at
, og mange meiner helseministeren må stogge kutta. Men Helse Vest som er statsråden sitt styringsinstrument ovanfor Helse Førde, må ha tid til å setje seg inn i saka, seier Nilssen– Denne saka vil kome til realitetsbehandling hos Helse Vest etter sommaren, om det vert september eller oktober det er for tidleg å seie, men den vert behandla medio haust.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Helse Vest treng tid
Protestane har vore høglytte og den politisike debatten kring saka er brennheit. Frå mange hald kjem kravet om at helseministeren no stoggar nedleggingane.
Men Helse Vest som er statsråden sitt instrument for å styre Helse Førde vil likevel ikkje sjå på saka før etter sommaren.
– Vi treng tid til å gjere våre vurderingar sett i frå eit regionsperspektiv, og i tillegg så er det pågande utredningar tilknytta til fødetilbodet her i landet, og det er naturleg at vi ser det i samanheng med dette arbeidet.
Vil førebu kutta
Clara Øberg seier dei vil halde fram med å førebu kutta.
Foto: Bård Siem / NRKStyreleiar Clara Øberg i Helse Førde er ikkje overraska over tidspunktet for handsaming i Helse Vest. I Helse Førde vil dei fortsette å førebu kutta, seier ho
– Vi har ikkje til å sitje i ro og ikkje gjere noko. No er det ingenting av dette som skal fort ut, men det er klart at her må det lagast handlingsplanar og planleggje iverksetjing.
Sjå styremøtet i Helse Førde i nett-TV