I Nordfjord og Sogn har nybakte mødrer eit tilbod som det knapt finst makan til.
Lokalsjukehusa her har ikkje fødestove – men eigne einingar for kvinner som nettopp har født.
Johanne Gjesdal Mo vart mamma for tre månader sidan. Etter fødselen i Førde sto jordmødrer klare på lokalsjukehuset i Lærdal for å passe på den vesle familien.
Personellet på «God Start»- eininga hadde god tid til den nybakte mora og barnet. Her var ikkje press om å dra heim.
– Dei følgde meg opp, både fysisk og psykisk. I ettertid har eg skjønt kor helande det var, seier ho.
Men no kan dei unike tilboda bli lagt ned.
Anna Gjesdal Mo har brukt barseltilbodet i Lærdal alle tre gongene ho har fødd.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKDet vil vere dumt, ifølge førsteamanuensis og jordmor Carina Vedeler ved Universitetet i Søraust-Noreg.
– Slik barselomsorg er akkurat i tråd med det kvinnene sjølv seier at dei har behov for, seier Vedeler.
Ei stor undersøking blant fødande viser at mange kvinner føler seg overlatne til seg sjølve etter fødselen.
I undersøkinga er informasjon på barselavdelinga det området som får dårlegast score, med 60 av 100.
Ro og omsorg
Også kusina Anna Gjesdal Mo brukte tilbodet då ho fekk sitt tredje barn berre for nokre veker sidan.
– Viss det berre hadde vore barseltilbod i Førde, hadde eg nok ikkje brukt det sjølv om eg hadde trengt det, sidan det hadde vore for langt vekke frå familien.
Men sjukehusa i Sogn og Fjordane har ikkje noko val: Dei må spare pengar.
Førsteamanuensis og jordmor Carina Vedeler meiner små einingar er det beste for barselomsorga.
Foto: Sonja Balci«God Start»-tilboda i Lærdal og på Nordfjordeid er lagde på hoggestabben.
Ifølge Vedeler er små einingar for barselomsorg det aller beste.
– Her er desentralisering mykje meir i tråd med dei behova som kvinna, det nyfødde barnet og familien har etter ein fødsel
Må prioritere
Tysdag skal Senterpartiet fremme eit forslag på Stortinget om at regjeringa skal stanse kutta i Helse Førde.
I gjennomsnitt ligg kvinner på sjukehus i cirka 2,6 dagar etter fødsel på landsbasis.
God Start tilbodet på Nordfjordeid.
Foto: NRKFor kvinnene som nyttar seg av God Start-tilboda er gjennomsnittet 3,7 dagar.
Samtidig var berre 123 barselkvinner innom tilbodet i Lærdal i 2024, og 160 kvinner var innom tilbodet på Nordfjordeid same år.
Arve Varden er sjef i Helse Førde. Han kan ikkje trylle fram meir pengar til sjukehusa. Derfor må han leie arbeidet med å prioritere.
No greier dei ut eit sentralisert tilbod i Førde, der kvinnene uansett må føde.
Varden viser til at God start-tilbodet ikkje er lovpålagt.
– Vi har ein økonomisk situasjon som er svært krevjande for Helse Førde. Vi er nøydde til å redusere kostnadane våre. Då har vi sett på område der vi gir et tilbod utover det som vi er lovpålagt å gjere.
Arve Varden er sjef i Helse Førde. Han seier at dei er i ein krevjande økonomisk situasjon.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK– Korleis vil de sikre at barseltilbodet ikkje blir svekka viss de fjernar desse einingane?
– Nå er det viktig å seie at eg har fått eit mandat frå styret til å greie ut saka. Då har vi ambisjon om at kvinnene som før i Helse Førde sitt område, skal ha for det beste tilbodet på alle område.
Mo erkjenner at tilbodet er veldig godt, samanlikna med andre stader i landet.
Samtidig trur ho God Start-eininga sparar samfunnet for oppfølging og kostnadar i ettertid.
Signe brukte sine første dagar på God Start-avdelinga i Lærdal.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKMål om desentralisering
Lena Henriksen, politisk leiar i Den norske jordmorforeining er også i mot nedlegginga.
Ho meiner at det ligg politiske føringar om at førde- og barseltilbodet skal vere desentralisert
– Dette er eit veldig fint eksempel på korleis ein kan løyse dei ulike utfordringane som er i Noreg. Fordi stadene er så ulike. Eg synest dei har løyst dette på ein kjempefin måte. At nå skal dette leggast ned, vil ramme hardt, seier Henriksen.